– Ein får ikkje meir moro enn ein lagar sjølv!
Ekteparet Synnøve og Alf Opedal frå Os stråler av bilglede der dei står framfor den nyleg innkjøpte retrodraumen.
Ei tysk, oransje kassevogn på fire smale radialdekk gjer seg lekker i bakgrunnen. Den smått legendariske Volkswagen T2 som prega mange familieferiar på syttitalet.
– Det stod mellom å gjera noko med skråninga bak huset eller å realisere bildraumen. Me valde bilen. Skråninga kan me ta seinare, ler Synnøve.
Færre i huset
Familien Opedal er erfarne camperar. Mange feriar har blitt gjennomført med ei campingvogn på slep etter familiebilen. Men når ungdomen no etterkvart er på veg ut av huset, kunne ikkje ekteparet dy seg då det orange 70-talsikonet openberra seg på Finn. Dei har fått ein felles hobby frå fortida for framtida.
– Framover blir me færre i huset. Me har oppdaga at me er kjærestar på ein annan måte no enn før. Når me skulle på date, merka me at me kom i beit for kva me skulle snakka om når me ikkje skulle snakka om ungar. Det handlar litt om å ta tilbake tida før borna kom, seier dei.
Knerten
Ekteparet har lenge vore interessert i veteranbilar, og då denne var å få tak i på ein låve på Dokka var dei ikkje seine om å hive seg rundt. Eller det vil seie, Alf brukte ikkje lang tid på å snu seg rundt. Synnøve likte i utgangspunktet ikkje 70-talsstil.
– Eg elska slengbukser, men ikkje fargane og mønstra frå den tida. Men så kom bilen, som eg med ein gong skjønte at måtte få namnet Knerten fordi han er ein liten knert. Han var orange, fargen eg tidlegare likte minst. No elskar eg fargen. Eg snudde rett og slett når eg fekk sjå fargen i ein annan samanheng. Bilen er ei tidsmaskin. Det skal vera slik, smiler ho.
Mange tips
Ekteparet har brukt tid på å pusse og stelle med bilen for å få han slik dei ynskjer.
– Å tukle med stilen hadde vore feil, seier Alf.
– Me har montert ein sovesofa og kjøpt ferdigsydde putetrekk. Elles er det Synnøve som har vore rundt om for å kjøpe inn inventar. Det me har lagt ut på Facebook har skapt masse engasjement og ført mange tips vår veg, fortel han.
Skaper kontakt
Ekteparet fortel at dei får mykje merksemd når dei fer rundt om med bilen.
– Mange kjem bort og fortel om eigne 70-talsrefaringar. Det er ein veldig lett måte å komme i kontakt med folk på, fortel dei.
Familien har vore på stemne opp gjennom, og Sarons dal er vitja fleire gonger.
– Det blir nok denne bilen me kjem til å bruke på stemne etterkvart. Når me kjem i kontakt med folk kan me jo snakka om Gud også, smiler Synnøve.
– I tillegg vonar me at bilen kan verta brukt i ymse samanhengar i lokalsamfunnet her på Os. Ein liten fargeklatt, seier dei.
PS. Dersom du har lyst til å følge Knerten på Instagram skriv du knerten.camper i søkjefeltet.