ÆRESGRAD: President Donald Trump vart i fjor tildelt ein æresdgrad ved evangelikale Liberty University i Virginia. Til høgre står universitetspresident Jerry Falwell Jr., ein av dei fremste kristne støttespelarane til Trump.

Ein forvirrande kristen merkelapp

Kvar fjerde amerikanar kallar seg evangelikal kristen, men både politiske og teologiske utviklingstrekk gjer det vanskelegare å definere kva dei har felles.

Publisert Sist oppdatert

«Amerikanske evangelikale er «djupt forvirra» om nokre av læresetningane i den kristne trua», konstaterer Christianity Today. Utgangspunktet er «State of Theology» som er gjennomført av Ligonier Ministries og LifeWay Research nettopp vart presentert for tredje gong. Den første kom i 2014. Siktemålet er å finne ut kva amerikanarar trur om Gud, frelse, etikk og Bibelen.

Kvar fjerde amerikanar reknar seg som evangelikal kristen, ifølgje Pew Research Centers klartlegging av det religiøse landskapet i USA frå 2015. I den ferske undersøkinga frå LifeWay vert derimot ein av fem rekna som evangelikale. Det er fordi ein plasserer respondentar i denne kategorien ut frå at dei aktivt sluttar seg til bestemte lærepunkt om Bibelen, evangelisering og Jesu død på krossen. Med ein slik meir «kvalifisert» definisjon er det 19,4 prosent evangelikale.

Men også mellom desse er det eit fleirtal som sluttar seg til synspunkt som bryt med historisk kristen tru.

*52 prosent meiner dei fleste menneske er grunnleggjande gode.

*51 prosent meiner Gud aksepterer tilbeding frå alle religionar.

* 78 prosent meiner Jesus var den første og største skapningen som vart skapt av Gud fader. Dette samsvarar med læra til Arius frå 300-talet, som vart avvist som vranglærar under kyrkjemøtet i Nikea i 325.

– Det er ein generell mangel på undervisning i dag om Kristi person, ei lære som den tidlege kyrkja kjempa så hardt for, skriv Ligonier Minestries.

Omgrepet evangelikal vert gjerne ført tilbake til 1730-talet. På denne tida oppstod det sterke lågkyrkjelege, pietistiske vekkingsrørsler i mellom anna England og Tyskland. Impulsane derifrå vart spreidde til andre land og vann terreng ikkje minst i USA.

Fire kjenneteikn har utkrystallisert seg ved evangelikale kristne, ifølgje den britiske historikaren David Bebbington: Jesu soningsdød som tyngdepunkt, bibeltillit, personleg omvending og aktivisme - først og fremst gjennom diakoni og misjon. Dei evangelikale tilhøyrer forskjellige kyrkjesamfunn og kristne tradisjonar.

Dei siste tiåra har ein i amerikansk samanheng vore minst like oppteken av evangelikale kristne som ein politisk maktfaktor som ein teologisk definert storleik. Då den sørstatsbaptistiske søndagsskulelæraren og demokraten Jimmy Carter vann presidentvalet i 1976, erklærte Time Magazine på framsida at det var «The Year of the Evangelical». Men mange evangelikale kristne var skuffa over Carter. Det kristne høgre vaks fram i løpet av åra hans som president og vart ei viktig veljargruppe som medverka til å erstatte Carter med republikanaren Ronald Reagan i 1980. Trusmessig stod Reagan lenger frå dei evangelikale, men han gjorde seg til talsmann for kampsaker som var blitt viktige for dei, ikkje minst abortspørsmålet.

Ved presidentvalet i 2016 vart evangelikale kristne - vel å merke kvite - ei viktig veljargruppe for Donald Trump. Heile 81 prosent av desse røysta på han. Mellom evangelikale kristne som har annan hudfarge er dei politiske sympatiane annleis, særleg mellom afroamerikanarane der berre ni prosent røysta på Trump, ifølgje LifeWay Research.

For mange evangelikale kristne er støtta til Trump heilt avgjerande for å få USA på rett spor.

– Vi tenkjer likt, sa Jerry Falwell Jr. nyleg om presidenten i eit intervju med britiske The Guardian. Falwell Jr. er president ved Liberty University i Virginia, som oppgir å ha over 100.000 studentar på campus og på nett. Han grunngir støtta si til Trump med at republikanarane har svike evangelikale etter Ronald Reagan.

Falwell peikar ut fire saker som viktige for evangelikale kristne:

– Støtte til staten Israel, sterkt nasjonalt forsvar, tradisjonelle familieverdiar og pro-life, seier han.

Falwell ser også amerikansk velstand som avgjerande for at kristne skal oppfylle forpliktinga til å hjelpe dei fattige. Den avdøde faren hans, Jerry Falwell Sr., grunnla Moral Majority i 1979 og vart hovudarkitekten bak det kristne høgre, som drog mange evangelikale frå Demokratane til Republikanarane.

Ein del evangelikale kristne, særleg i ein litt yngre generasjon, synest omgrepet evangelikal etter kvart er blitt så politisert at dei ikkje utan vidare vil setje merkelappen på seg sjølve. Fleire slike reflekterer rundt dette i boka «Still Evangelical? Insiders Reconsider Political, Social and Theological Meaning», som kom tidlegare i år. Dei spør seg kva det eigentleg betyr å vere evangelikal kristen i ei uoversiktleg og polarisert verd. Dei spør seg kva som eigentleg er den sosiale og politiske visjonen dei styrer etter.

Sjefredaktør i Christianity Today, Mark Galli, påpeikar i denne boka at det sterke engasjementet som har kjenneteikna evangelikale kristne, kan gi både beundringsverdige og fanatiske utslag. Og dette engasjementet trur han ikkje vil forsvinne, men han er uroleg for politiseringa: «Mange av dei på venstresida og høgresida har begynt å identifisere sine politiske synspunkt som kristne eller bibelske eller evangelikale». Derfor blir dei også så opprørte over medtruande som kjem til andre standpunkt, meiner Galli.

Litteraturprofessor Karen Swallow Prior ved Liberty University framhevar i den same boka at evangelikal kristendom ikkje er avgrensa til kulturkrigen som har rasa i USA dei siste tiåra. Ho meiner også at det siste presidentvalet viste veikskapar ved at den evangelikale trustradisjonen er så djupt individualistisk.

Likevel identifiserer Prior seg framleis som evangelikal. Det gjer ho mellom anna fordi ho har fått overlevert den kristne trua i denne tradisjonen. Trass sine manglar opplever ho framleis at den evangelikale kristendomsforståinga på ein klar måte formidlar evangeliet inn i det moderne samfunnet med vekt på kallet til å vere Jesu etterfølgjar.

I den ferske boka «Christians in the Age of Outrage» («Kristne i raseriets tidsalder») prøver professor Ed Stetzer ved evangeliale Wheaton College å vise veg til eit meir konstruktivt kristent engasjement i eit stadig meir polarisert USA.

– Demokratar er meir liberale og republikanarar meir liberale enn dei har brukt å vere, ifølgje undersøkingar, påpeikar Stetzer overfor CNN.

Ed Stetzer meiner både konspirasjonsteoriar om motstandarar og påståtte profetiar om Donald Trump viser at evangelikale amerikanarar har behov for større teologisk og misjonalt klårsyn.

– Å sjå president Trump, eller nokon annan president for den del, som ein slags profetisk figur, er i beste fall bisart. Det går imot evangeliet og 2.000 år gammal kristen tradisjon, seier Stetzer til CNN.

– For kristne er det å vere fullt og heilt for kva som helst politikar eller kandidat bokstaveleg talt farleg for trua, seier han.

Powered by Labrador CMS