Ein spion-thriller frå røyndommen: Hadde englevakt ved grensekontrollen
Stefanusalliansen har laga ein Youtube-dokumentar om bibelsmuglaren som brukte 80-talet til å frakte Guds ord inn bak Jernteppet.
I bensintanken til ein gammal opel er det gøymt 40 biblar. Esko skal frakte dei til Romania. Over grensa. Ulovleg. Saman med far sin og fleire andre lastebilsjåførar, arbeider han for å spreie Guds ord dit strenge regime gjer sitt for å ta knekken på det.
– Historia om Esko er som ein spionthriller frå kommunismen, seier Silje Helene Kristin Jøssang.
– Uavhengig kva forhold ein har til Bibelen, er serien spennande. Sjølv om dette skjedde for 30 år sidan, fortel Esko veldig levande. Så er det framleis veldig relevant, vi veit vi at det same skjer mange stader i dag. I fleire land er det er farleg å eige ein bibel, seier Jøssang.
Norske pengar
Langt inne dei finske skogane ligg ein stor grå låve. Den er bygd ved hjelp av norske pengar, donert av initiativtakarane bak organisasjonen som før heitte Misjon bak jernteppet, no Stefanusalliansen. Før Jernteppet fall i 1989, var dette den hemmelege basen til dei finske bibelsmuglarane. Her blei bensintankar ombygde for å skape rom til biblar. Dei måtte samtidig lage eit ekstra tomt rom, det må høyrest holt ut når grensevaktene kakkar på tanken for å sjekke innhaldet. Etterkvart blei tusenvis av biblar smugla inn bak jernteppet på denne måten.
– Då vi oppdaga at behovet var så stort, prøvde vi heile tida å finne nye måtar å smugle inn biblane på, fortel Esko i dokumentaren.
40 biblar på ein tur blei dermed for lite. Kloke og modige hovud klekte ut nye planar. Etterkvart blei løysinga å bygge huselement. Desse fekk eigne holrom som kunne fyllast med biblar. Huselementa blei frakta til Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia og Romania, deretter til Hellas der dei blei brukte til å sette opp hus. På det meste kunne ein sjåfør få med seg 40.000 biblar.
Starta som 14-åring
– Når Peter, som hadde ein fengsla far på grunn av trua ønskte å tene Herren, innsåg eg at eg også måtte gjere noko for å hjelpe, fortel han.
Grensevakt og englevakt
Smuglarane tok ein stor risiko. Dei lokale folka som blei tekne, fekk mellom fem og ti år i fengsel. Pulsen i det du skulle krysse grensa, kunne bli farleg høg. Men for Esko løyste det seg, igjen og igjen.
– Nokre gonger følte du at du kom til ein umogleg situasjon. Men Gud gjorde alltid det umoglege mogleg. På mange måtar var det eit eventyr. Du visste aldri kva den neste dagen ville bringe. Vi fekk mange bønnesvar og Gud verna oss frå ulykker, fortel han.
– Ved hjelp av dette løftet fekk vi styrken til å fortsette, fortel han.
Styrka trua
Thea Haavet er den som har intervjua Esko og Antti. Ho merka at det var vanskeleg for dei å prate om mykje av det dei har opplevd. Dei var så drilla i at dette var topphemmeleg, noko ingen skulle vite noko om. Sjølv søskena til Esko ante lenge ikkje noko om at faren og broren smugla biblar. For Haavet blei det sterkt å få innsikt i korleis livet som bibelsmuglar hadde vore. Ho er oppteken av at mange lever i liknande situasjonar også i dag, der dei risikerer livet for å smugle eller eige Guds ord.
Silje Helene Kristin Jøssang er samd i at serien er til ettertanke, også i dag, lenge etter Jernteppets fall.
– Esko seier at han ikkje veit kva som ville vore vanskelegast: å smugle biblar inn i Romania på Ceaucescus tid, eller å få folk på gata i Helsinki eller Oslo til å ta imot ein bibel i dag.