Eit kristent alternativ for blinde om sommaren
Mange leirar og stemne kan lett verte slitsame for blinde. På denne leiren har deltakarane eit støtteapparat rundt seg som vektlegg tilrettelegginga.
Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte (KABB) legg årets borne– og familieleir til Stenbekk Misjonssenter i Østfold. Organisasjonen har ein lang tradisjon med å arrangere leir for blinde born.
– For 20–30 år sidan kom borna åleine på leir, men i nyare tid har dette endra seg til å inkludere familien. No kan det likså godt vere ein forelder som har synshemminga, seier Hilde Løwen Grumstad, organisasjonsdiakon i KABB.
KABB er romslege når det gjeld kven som kan få vere med på leiren. Men deltakarane sin livssituasjon må kunne relaterast til det å vere blind eller svaksynt. På ein tidlegare leir hadde ei blind tante med seg tanteungane sine, ifølgje Grumstad.
Det varierer frå år til år kor leiren finn stad. I fjor var den i Kristiansand og året før der igjen var den i Danmark.
Vert færre deltakarar
– Vi vert ikkje mange i år. Det har vorte vanskelegare å skaffe deltakarar. Vi klarar ikkje å konkurrere med Blindeforbundet, seier Grumstad, og legg til at det ikkje er så mange blinde born å sjå på leirane deira lenger.
– Ofte har borna andre utfordringar også, i tillegg til det å vere blind. Vi har eit litt anna tilbod enn Blindeforbundet. Leirane våre er meir familieorienterte. For nokre born er det vanskeleg å reise på Blindeforbundet sine leirar åleine. Men hos oss har borna følgjesvener og foreldre rundt seg.
– God tilrettelegging
– Det er aktivitetar som elles kan vere vanskelege for desse familiane å vere med på, seier ho.
– Vi som ser, vil vidareformidle inntrykka vi får frå omgjevnadene våre til dei blinde. På den måten kan vi hjelpe dei å «sjå». Vi kjem til å sørgje for at alle har ein følgjesvenn under Tusenfryd– turen.
Under leiren vil deltakarane samlast på kveldane for sosial hygge, lesestund, dokketeater og song. Den siste kvelden arrangerer dei talentkonkurranse.
– Arrangementet er veldig viktig for dei familiane vi har med oss. Mange andre leirar og stemne kan lett verte slitsame for dei som er blinde. Det er viktig med god tilrettelegging.
I same båt
Om det vert varmt, dreg KABB saman med følgjet til Tunevannet i nærleiken av Sarpsborg. Som reserveløysing vert det eventuelt bading i badelandet Superland. Om det er tid til overs, vert det kan hende natursti også.
– Det er viktig og godt å treffe andre vaksne som er i same livssituasjon og samtale med dei om den. Det gjeld også borna, då det ofte ikkje er mange i ein skuleklasse som er blinde eller har ein blind forelder.
KABB arrangerer også andre leirar og arrangement for vaksne, deriblant årlege turar til Malaga i Spania. Elles er hovudprosjektet eit bibliotek for utlån av litteratur i ljodformat.