Eit mørkt kapittel i kyrkja si soge
Korleis kunne det skje? Kan det forklarast at også godt fungerande prestar, som den tidlegare læraren i Vestlandske Indremisjonsforbund, Sigmund Feyling stilte seg til rådvelde for NS?
Anmeldt Bok:
Geir Thorsdal
Quislings biskoper
En norsk kirke i nazismens tjeneste
Kagge Forlag 2017
319 s., innb.
----
Eg veit ikkje kva eg er mest overraska over: at meir enn 92 prosent av prestane fylgde leiarane sine, biskopane, la ned embeta, sa frå seg statsløn og – under trugsmål om tiltale for landsforræderi – gjekk inn i ei ukjent og usikker framtid for seg og familiane sine, eller om det er det faktum at det lukkast å stabla ei alternativ kyrkje på beina, leia av det som forfattaren av denne boka med rette kallar «Quislings biskopar».
«Den vonde ånda»
Nå ja, Thorsdal dokumenterer godt nok at det ikkje lukkast noko særleg. Den alternative kyrkja frå påske 1942 var i ekstrem grad ei departementskyrkje. «Den vonde ånda» i kyrkjedepartementet, ekspedisjonssjef Sigmund Feyling, hadde bukta og alle endar som tenkjast kan.
Han utnemnde, fekk vigsla, sa opp, og flytta på prestane, etter eige skjøn. Sjefen hans, Ragnar Skancke, spela ei heilt perifer rolle – ja, han er mest usynleg i denne boka – og måtte likevel bøta med livet etter krigen. Feyling redda truleg livet fordi saka mot han var så omfattande at det drygde med rettssaka.
Mislukkast
NS-kyrkja mislukkast totalt. NS-prestar og «biskopar» tala stort sett for tomme kyrkjer, og gjorde knapt teneste ved dåp, nattverd, vigsel eller nattverd. Mange av dei gav opp, vart sjuke eller bad om overflytting.
Falck-Hansen, som tok over for Dagfinn Zwilgmeyer i Bergen, hadde så godt som ingen å spela på lag med i byen. Han vart då også avsett sommaren 1943.
Forfattaren har gjort eit stort arbeid med å gå gjennom (dei no fritt tilgjengelege) mappene om desse biskopane i Riksarkivet. Men stundom vert driven i soga borte i dei mange detaljane og personane.
Overskriftene er i og for seg logiske og kronologiske, frå byrjinga til NS-kyrkja i «festgudstenesta» i Nidarosdomen 1. februar 1943, til dei siste, vonde åra og rettssakene som fylgde. Men mange einskildsaker vert putta inn i kvart kapittel.
Demagogisk retorikk
Korleis kunne det skje? Kan det forklarast at også godt fungerande prestar, som den tidlegare læraren i Vestlandske Indremisjonsforbund, Sigmund Feyling – no prost i Egersund – stilte seg til rådvelde for NS?
For å ta det minst overraskande først: Det er alltid boltreplass for opportunistar i ein krig. Nokre av NS-prestane var dyktige og godt skolerte. Andre var til dels utan formell utdanning, men fekk høge embete etter eit «crash-kurs» i teologi. Det var altså ei blanda forsamling. Alle var heller ikkje medlemer i Nasjonal Samling.
Eit mysterium
Hovudgrunnen er likevel ideologisk, ikkje primært for nasjonalsosialismen og slett ikkje for Tyskland, men mot det kommunistiske, ateistiske diktaturet i aust, Sovjet.
Dette er det mange som har dokumentert tidlegare, og her ser vi det svart på kvitt i tallause sitat. Mange av desse prestane såg også med skepsis på demokratiet som styreform, og kopla det med den dominerande kulturradikalismen og sekulariseringa som breidde seg i samfunnet.
Men, når det er sagt: Det er likevel eit mysterium korleis elles forstandige folk kan få seg til å seia (som Georg Falck-Hansen) at det var «verdensjødedommen og verdensbolsjevismen» som stod bak (!) leiarane i den norske kyrkjekampen. I det heile er det flust av konspirasjonsteoriar i denne retorikken.
Interne motsetnader
Noko av det mest interessante i boka er motsetnadene mellom NS-kyrkja og dei lokale fylkesførarane for NS, som ofte er både uskolerte, udanna og uinteresserte i kristendom, og som dessutan, eller derfor, handsama «bispane» på ein svært nedlatande måte.
Departementet stod her i ein vanskeleg situasjon. Faktisk var den tyske okkupasjonsmakta meir tilsnakkandes, særleg i strategien overfor den frie, norske kyrkja med hennar Midlertidige Kirkeledelse.
Okkupasjonsmakta ville helst at kyrkja skulle stella med sitt. Det var altså ikkje berre NS-kyrkja som måtte spela på motsetnadene mellom NS og tyskarane. Det same gjorde Eivind Berggrav og Kristent Samråd.
Sjokkerande brutalitet
Kommissarisk statsråd Skancke og Feyling insisterte fleire gonger på at kyrkja (den intakte) ikkje måtte blanda seg inn i politiske spørsmål. Då skulle den også få vera i fred. Då er det påfallande kor ofte NS-prestar og biskopar nettopp kjem med politiske vurderingar.
Ofte vender dei seg til statspolitiet og bed om assistanse, både når dei skal vitja gjenstridige motstandsprestar, eller når styresmaktene kravde kyrkjebøker og protokollar utleverte. Og, sjølv om det er store skilnader mellom NS-biskopane, så er fleire av dei svært så politiske i preikene sine. Døyparen Johannes kan brukast som døme på å vera open for ei ny tid. Og det er godt at Jesus ikkje har lagt ned embetet sitt …
I Thorsdal si bok kan vi også lesa om sjokkerande brutalitet, ja endå til avretting av NS-lojale politifolk som, med tilvising til samvitet sitt, ikkje alltid greidde å parera ordre.
Nyansert framstilling
Det er særleg brørne Ludvig Daae Zwilgmeyer (i nyoppretta Skien bispedøme) og Dagfinn Zwilgmeyer (Bergen og Hamar), og Lars Frøyland (Oslo), som vert teikna med forsonande trekk. Den første la tidleg fram forslag om at motstandskyrkja og hennar prestar måtte få embete og arbeid tilbake.
Den andre tok skarp avstand frå jødeforfylgjinga; han bad om avskil og melde seg ut av NS. Og Lars Frøyland var vel så skarp i fordøminga av framferda mot jødane som Kirkens Grunn-kyrkja. Det er jo grunn til å sei, opp att og opp att, at det må ha vore ei feil vurdering ikkje å seia noko om jødane sin lagnad i Kirkens Grunn.
Minusteikn
Nokre minusteikn ved boka må nemnast: Med underteikna som påstått kjelde, kan vi lesa at emissær Arne Rydland, no påtvungen NS-prest i Skien, hadde vore mangeårig formann i Langesundsfjorden Indremisjonsselskap (s.107). Det var han ikkje. Men han hadde vore tilsett der i ei årrekkje.
Datoen for arrestasjonen av jødane er forveksla med datoen for deportasjonen (s. 128). Det som er skrive om vigsel i kyrkjene, hadde også trengt noko meir forklaring (s 187).
Ettersom kontrasten til den tyske kyrkjekampen er nemnt (s. 25 ff), er det ein mangel at Ingvard Kolden si avhandling frå 2013 ikkje er med i litteraturlista. Eg tillet meg også å leggja til: Når det vert referert så utførleg frå NS-prestane si forkynning, undrar eg meg over at boka «Motstand og forkynning» frå 2016 ikkje er med i lista. Der ville Thorsdal også ha funne mange av dei sitata han har med i boka si.
Når det er sagt: Boka om Quisling sine biskopar er eit viktig bidrag til ei altfor lite kjent side av kyrkja sin situasjon under den tyske okkupasjonen.