I FRONT: Dei fire demokratane som gjer det best på meiningsmålingane, stod i midten under den siste tv-sende debatten: Elizabeth Warren, Joe Biden, Bernie Sanders og Pete Buttigieg.

Eit parti for tvilarar meir enn for truande

Ei veksande gruppe sekulære amerikanarar er ei viktig veljargruppe for demokratane. Samstundes må dei ikkje gjere seg framande for det mest religiøse segmentet i befolkninga.

Publisert Sist oppdatert

Måndag startar for alvor kampen om kven som skal bli den demokratiske utfordraren til Donald Trump ved presidentvalet i november. Då går nemleg det første primærvalet av stabelen. Tradisjonen tru skjer det i delstaten Iowa i Midtvesten.

Dei fire kandidatane som ligg best an så langt, er tidlegare visepresident Joe Biden, senatorane Bernie Sanders og Elizabeth Warren, og borgarmeister Pete Buttigieg frå South Bend, ein by i Indiana med rundt 100.000 innbyggjarar, med andre ord omtrent som Drammen.

Dei fire har forskjellig religiøs bakgrunn. Biden er katolikk, Sanders sekulær jøde, Warren metodist og Buttigieg episkopal, altså amerikansk anglikanar.

Buttigieg er den som har profilert seg mest i trusspørsmål. Han vaks ikkje opp i ein kyrkjeaktiv familie, men gjekk på katolsk skule. Etter kvart fann han seg til rette i Den episkopale kyrkja, som er eit av dei mest liberale kyrkjesamfunna i USA. Buttigieg har til dels snakka om tru med ein polemisk snert. Mellom anna har han uttrykt seg kritisk til at «kristen» og «republikanar» tidvis blir oppfatta som to sider av same sak.

Buttigieg er den første ope homofile som har gjort eit seriøst forsøk på å bli presidentkandidat i USA. Han har markert seg mot verdikonservative standpunkt til både ekteskap og abort. Han meiner verdikonservative kristne gjer mykje ut av ting som Jesus la lite vekt på, og lite ut av ting som Jesus la stor vekt på.

– Og det er dette eg skulle ønskje Mike Pence-ane i verda ville forstå: At dersom du har eit problem med kven eg er, handlar ikkje problemet ditt om meg. Krangelen din, min gode mann, er med Skaparen min, sa Buttigieg på eit arrangement i regi av ein LHBTQ-organisasjon i fjor.

For mange verdiliberale amerikanarar er Mike Pence eit symbol på det dei ikkje likar politisk. Den sitjande visepresidenten har understreka at han er ein kristen, ein konservativ og ein republikanar - i den prioriterte rekkefølgja.

For demokratar som ønskjer å erstatte Donald Trump i Det kvite hus, kan kategorien kristne vere ei viktig veljargruppe, men ikkje konservative og republikanarar. Med den auka polariseringa i amerikansk kultur og politikk er Det demokratiske partiet blitt stadig meir liberalt og venstreorientert.

«For mange evangelikale er Buttigiegs bibelkrydra talar umogelege å skilje frå dei vanlege demokratiske poenga. Ein undrast på om det er noko ved forståinga av hans av kristendommen som kan setje han i strid med partiets ortodoksi», skriv den evangelikale historieprofessoren John Fea i ein kommentar for Religion News Service.

Fea er ein skarp kritikar av Donald Trump, men ser ikkje teikn til at dei demokratiske kandidatane er særleg opptekne av å nå veljarar som han. Her ser han ei tydeleg endring samanlikna med det som var situasjonen for berre eit par presidentval sidan.

Elizabeth Warren lanserte sitt tverreligiøse rådgivarpanel sist veke. Biden gjorde noko tilsvarande i desember. I kampanjen har Warren fleire gonger snakka om trua si, vore innom kyrkjer og delt minne frå då ho var søndagsskulelærar. Dei ønskjer samarbeid med trusbaserte fellesskap og organisasjonar, men legg særleg vekt på sosiale og økonomiske spørsmål der dei tenkjer likt med sekulære veljarar.

Då den sørstatsbaptistiske søndagsskulelæraren Jimmy Carter vann presidentvalet i 1976, vart brått «born again» ikkje berre eit religiøs omgrep. Det vart også aktuelt i den politiske debatten.

Men mange kristne støttespelarar av Carter var skuffa over resultata dei oppnådde innanfor stridsspørsmål som vern om ufødt liv og eit tradisjonelt kristent syn på samliv og seksualitet. Sidan er ein verdiliberal profil blitt stadig meir sjølvsagd og påkravd for demokratiske politikarar.

Det er verdt å hugse at dåverande president Barack Obama ope erklærte støtte til likekjønna ekteskap først i 2012, ikkje lenge etter at Joe Biden hadde gjort det same. I dag ville det vere heilt utenkjeleg at ein demokratisk kandidat gjorde noko anna. Også Carter har snudd i dette spørsmålet.

Biden har understreka at å sikre rettar for transpersonar er viktig for han. Han har også trekt støtta til lovformuleringa som forbyr offentleg finansiering av dei fleste abortar, det såkalla Hyde-tillegget, som mange demokratar tidlegare har forsvart. For mange evangelikale kristne, som vil seie grovt sett kvar fjerde amerikanar, er dette åtak på hjartesaker.

Men sekulære veljarar vert stadig viktigare for demokratane. Rundt kvar fjerde amerikanar identifiserer seg ikkje med eit bestemt trussamfunn, ifølgje Pew Research Center. Dette talet har vokse raskt dei siste tiåra. Og få av dei er republikanarar.

«Sidan 1990 er delen politisk liberale som aldri går til gudstenester, tredobla. 53 prosent av liberale var sikre på Guds eksistens i 1991, men berre 36 prosent i fjor», skreiv kommentatoren Richard Ostling på nettsida getreligion.org i haust.

«Slik er linken mellom politisk ideologi og religiøs identitet i Amerika blitt polarisert», påpeika Ostlig.

Samstundes står demokratane også sterkast i det mest religiøst engasjerte segmentet i den amerikanske befolkninga: afroamerikanske kristne. Rundt ni av ti i denne gruppa røystar demokratisk. Dei er ofte konservative i spørsmål om familie og livsvern, men meir på linje med demokratane i økonomiske og andre sosiale spørsmål.

Religiøs identitet er faktoren som nest best predikerer kva amerikanarar røystar. Faktoren som predikerer det best, er etnisk bakgrunn, ifølgje Pew Research Center.

Ei felles utfordring for politikarar i møte med både sekulære amerikanarar og afroamerikanske kristne er at valdeltakinga er at dei er tyngre å få til valurnene enn veljarar flest. Biden har ein fordel med at han har stor tillit mellom afroamerikanarar. Buttigieg kan prøve å bøte på dette med å appellere til liberale kristne.

Kunststykket for demokratane som vil bli presidentkandidat, er med andre ord å skape entusiasme både mellom dei mest sekulære og dei mest religiøse veljarane. Førebels ser det ut som om det er den første gruppa som vert sterkast prioritert.

Powered by Labrador CMS