Eit skot for baugen for konservative
Ein av dei mest brukte grunnane til å røyste på Donald Trump vart sett på prøve sist veke.
– Det er jo dette med dommarane, påpeikte ein eldre norsk-amerikanar eg møtte i ein liten kyrkjelyd i Brooklyn i New York i 2016.
Verken han eller kona syntest å vere entusiastiske for kandidatane dei hadde å velje mellom ved presidentvalet den gongen.
Men dei hadde merka seg at Donald Trump hadde lova å utnemne konservative dommarar. Det hadde dei ingen grunn til å håpe på dersom Hillary Clinton flytta inn i Det kvite hus.
Trump leverer
Kynisk innstilte observatørar hadde ikkje nødvendigvis så stor tru på at Trump kom til å levere på dette feltet. Men som president er dette eit av områda der han verkeleg har innfridd. Kven som sit i føderale domstolar, og særleg i Høgsterett, har mykje å seie i USA.
Det er langt meir vanleg der enn her at til dømes lovvedtak og presidentordrar vert prøvde for domstolar. Dei ni dommarane i høgsterett har ansvar for å avgjere kva grunnlova skal bety i dag. Trump har fått utnemne to høgstrettsdommarar, og verdikonservative har gitt tommelen i vêret for begge.
Sist veke vart det likevel lagt ein dempar på entusiasmen. Den første høgsterettsdommaren som Trump nominerte, Neil Gorsuch, førte i pennen ei avgjerd som fall mange verdikonservative tungt for brystet.
Spørsmålet er enkelt sagt om borgarrettslova frå 1964 også skal omfatte seksuell orientering og kjønnsidentitet. Gorsuch og fem andre dommarar konkluderte med at svaret er ja. Mindretalet på tre meiner det er heilt urimeleg å tenkje at dette var innanfor synsfeltet då lova vart vedteken.
Dei åtvarar mot kva konsekvensar dette kan ha for trusfridomen til arbeidsgivarar som har ei tradisjonell forståing av ekteskapet som ei ordning for éin mann og éi kvinne, og kjønn som biologisk gitt.
«Seismisk skifte»
I amerikanske kristenmedia og på Twitter var det ikkje vanskeleg å finne døme på verken vonbrot eller skadefryd. Trump-kritikarar meiner avgjerda viser at både heilhjarta og halvhjarta støttespelarar av presidenten har overvurdert kva utbytte dei kan få av å røyste på han. Somme trøystar seg med at alternativet Clinton ville vore verre.
Som i resten av Vesten har det i USA vore mykje strid om kjønn, seksualitet og samliv dei siste tiåra. Avgjerda sist veke vert av observatørar på begge sider av striden vurdert som svært viktig. «Eit seismisk skifte» seier John Stonestreet i den konservative kristne tankesmia Colson Center.
Kristne i rettssaker
Uroa er knytt til om avgjerda i praksis kjem til å avgrense trusfridomen til menneske som kjenner seg samvitsforplikta på ei tradisjonell forståing av kjønn og ekteskap. Det meiner dei kan kome til å skje dersom samlivsform og kjønnsidentitet får same status som til dømes rase.
Fleire kristne næringsdrivande har hamna i rettstvistar fordi dei har reservert seg mot å levere tenester til likekjønna vigsler. Dagen har tidlegare skrive om mellom anna bakaren Jack Philips og blomehandlaren Baronelle Stutzman.
For dei som kjempar for ei progressiv utvikling på dette feltet, er avgjerda derimot ein stor siger fordi ein vil verne menneske mot diskriminering på grunn av identitet.
Haldningane på dette feltet har endra seg raskt dei to siste tiåra. I 2001 var 57 prosent av amerikanarane imot homoekteskap medan 35 prosent var for, ifølgje tal frå Pew Research Center. I 2019 var tala meir enn snudd på hovudet: 61 prosent var for og 31 prosent imot.
Som presidentkandidat har Joe Biden erklært at transrettar er menneskerettar. Truleg ventar det nye slag på dette feltet også i USA. Bruk av offentlege garderobar for biologiske menn som har skifta kjønn og deltaking i kvinneidrett er berre to døme.
Avgrensa gjennomslag
Høgsterett skal ta stilling til fleire saker framover som kan kome til å avklare unntak for religiøse institusjonar og organisasjonar. Eit slikt kompromiss er allereie på plass i deltstaten Utah, kjend som hovudsetet til Jesu Kristi kyrkja av dei siste dagars heilage, også kjent som mormonarane.
Det kan vere at Gorsuch på denne måten vil vise at han både er oppteken av å verne om trusfridomen og ei forståing av menneskerettane som er i tråd med dei rådande oppfatningane i samtida.
Same korleis utfallet blir i desse sakene, illustrerer dette noko av dilemmaet for verdikonservative kristne. Dersom ein har overtydingar som det ikkje er fleirtal for å befolkninga og som møter sterk motstand frå mektige interessegrupper, som også har støtte frå næringsliv og politiske aktørar, er det vanskeleg å få gjennomslag for dei politisk.
Minkande støtte
Sidan det framleis er fleire viktige rettsavgjerder i vente, er det for tidleg å seie korleis høgsterettsavgjerda vil slå ut for oppslutnaden om Donald Trump mellom evangelikale kvite kristne som er ei viktig veljargruppe for presidenten. Trump sjølv gjentek dette ifølgje smakebitar av eit intervju som skal verte publisert av Christian Broadcasting Network denne veka.
Ei fersk meiningsmåling for Fox News viser at Trump no berre har 66 prosent oppslutnad mellom kvite evangelikale. Som kjent fekk han 81 prosent av røystene i denne gruppa i 2012. Samstundes gjer Joe Biden det betre blant desse enn Barack Obama gjorde i 2012.
Verre alternativ
Den sterke kritikken mot Trump som er blitt sett fram av tidlegare medarbeidarar som John Bolton, Jim Mattis og John Kelly kan nok ha ein innverknad. Og høgsterettsdommen vert ei slags realitetsorientering om kva som er mogeleg å oppnå politisk.
Men tanken om at alternativet ville vere endå verre, har nok stadig stor kraft mellom verdikonservative kristne veljarar.