SNART I MÅL: Magnus Brekke Aalbu og Marie Løvås øver i forkant av at dei skal halde eksamenskonsert på NLA Høgskolen Staffeldtsgate. Tre år fylte med musikk og inspirerande med­studentar er snart over.

Eksamens-tida blir festival

Denne veka er det eksamen for musikkstudentane ved NLA høgskolen Staffeldtsgate. Songane dei spelar for sensor kan kome til å dukke opp i ei kyrkje nær deg.

Publisert Sist oppdatert

For første gong avviklar høgskulen eksamensveka på ettermiddag og kveldstid. Slik får studentane kjensla av å framføre noko på ein ekte konsert. 20 studentar skal framføre alt frå rock til gospel, jazz, pop, soul og klassisk musikk. Flesteparten har både skrive og arrangert songane sjølv.

PREGAR MUSIKKBRANSJEN: – Vi ønskjer å utdanne musikar­ar som kan vere med å prege musikkbransjen og samfunnet på ein god måte, seier avdelingsleiar for musikk ved NLA Staffeldtsgate Ole Kristian Kogstad.

Inspirerert

Marie Løvås (22) frå Skodje på Sunnmøre er ei av dei som skal stå på scena og fylle ein halvtime med musikk. salen I kjem det til å sitte sensorar, vennar og medstudentar. Ho er ikkje nemneverdig nervøs, dette har ho gjort før. Løvås kjenner at ho sit igjen med mykje etter tre år på den utøvande musikklinja.

– Då eg starta her rett etter vidaregåande, føltes det så rett. Det er gull verdt å få tre år til å treffe folk, fortsette å skrive musikk og halde konsertar. Det kulaste med å gå her er at du kan bli så inspirert av dei andre, fortel ho.

For hennar del fekk møtet med ein medstudent ganske stort utslag.

– Før skreiv eg låtar på engelsk, men då eg møtte ei som fortalde at ho skreiv på norsk, ville eg prøve meg på det. Det enda opp med at eg no berre skriv låtar på norsk.

Kristne miljø vatnar talentet

Medstudent Magnus Brekke ­Aalbu (25) frå Larvik skal også snart i elden

– Det er gøy å få ha så mykje publikum på eksamenskonserten, her heiar vi på kvarandre, fortel han.

Før dei starta studiane ved NLA Staffeldtsgate, hadde dei begge vore innom musikkmiljø i kristne samanhengar. Aalbu har bakgrunn frå Ten-Sing Norway, medan Løvås tidlegare har vore dirigent for koret Respons som held til på Emblem bedehus.

– Eg er omtrent født inn i eit familiekor på NMS-leirplassen Kjeldsund, fortel ho.

Avdelingsleiar Kogstad fortel at det er ganske vanleg at studentane kjem til skulen med ei god musikalsk utrustning frå før av. For å kome inn på studiet er det krav om både prøvespeling, teori- og gehørtest og intervju.

– Det startar altså ikkje her hos oss, men ved at dei unge slepper til i kyrkjer og organisasjonar. Så veks dei opp og får lyst å ta ei utdanning som bygger på dei same verdiane. Dei lærer ikkje alt her, men vi får lov til å foredle dei vidare i ei viktig tid, seier Kogstad, og legg til:

– Det mest spennande skjer når vi slepper dei ut av døra.

Se video:

Powered by Labrador CMS