Ekspertar usamde: Vil vi kome tilbake til normalen etter korona?
I tillegg til sjølve pandemien, kjem også økonomisk nedtur og politiske endringar. – Korta vil bli delt ut på nytt, seier valforskar Johannes Bergh.
Koronaviruset har ført Noreg ut i djup krise som råkar alle delar av samfunnet. Landet opplever den største arbeidsløysa sidan andre verdskrig, og kronekursen har stupt saman med børsane.
– Styringspartia vinn
– Dei etablerte partia vinn fleire veljarar, medan dei mindre og smalare partia ikkje kjem særleg godt ut. Dei er ei normal effekt i slike situasjonar, seier valforskar Johannes Bergh ved Institutt for Samfunnsforskning.
Han meiner at meiningsmålingane som har kome etter at regjeringa innførte smittevernstiltaka for tre veker sidan, viser ei støtte til Høgre som styringsparti.
– Trur du at det er ei varig endring?
– Eg meiner det er ope kva som skjer fram mot stortingsvalet neste år. Det kjem an på om krisa går over og blir gløymd, eller om det blir ei langvarig økonomisk krise med høg arbeidsløyse, seier Bergh og legg til:
– Alt kan skje. Korta blir delt ut på nytt etter ei slik krise, så det er veldig mange scenarier som kan avgjere regjeringa si skjebne.
– Total krise
Økonomiprofessor Ola Grytten ved Norges Handelshøyskole meiner at Noreg er på full fart inn i ei økonomisk krise som blir verre enn finanskrisa i 2008.
– Det ser ut til å bli ganske mykje verre enn finanskrisa, slik det ser ut no, seier Grytten, som er ekspert på krakk og kriser.
Han meiner at krisa kjem til å vare så lenge smittevernstiltaka hemmar verdsøkonomien, og han meiner at Noreg no står på kanten av ei «total krise».
– Trur du at denne krisa vil få politiske konsekvensar?
– Det er aldri ein fordel å sitje med regjeringsmakt i sånne situasjonar, men samstundes kan jo regjeringa kome godt ut av dette viss befolkninga meiner at dei finn gode løysingar, meiner Grytten.
Klimasaka forsvinn ikkje
Det er ulike meiningar om kva politikarane bør gjere i den økonomiske krisa. Fungerande leiar i Tankesmien Agenda, Sigrun Aasland, meiner at det er umogleg å sjå for seg korleis det politiske Noreg vil sjå ut etter koronakrisa.
– Men det blir ein viktig diskusjon korleis vi allereie no klarer å gjere grøne investeringar for å få økonomien på fote igjen, samstundes som den blir meir berekraftig slik at vi unngår seinare kriser, meiner Aasland.
– Miljøsaka har fått stor merksemd dei siste åra og dominerte nyheitsbilete i 2019. Korleis klarer MDG og dei andre miljøpartia seg når klimakrisa har kome i skuggen?
Trur på normalisering
Kristin Clemet, som leiar den liberale tankesmia Civita, trur på si side at koronakrisa ikkje vil få store politiske konsekvensar.
– Det er ein dramatisk situasjon, men eg trur vi overvurderer kor mykje den skal endre samfunnet. Det kjem an på kor lang tid det tek, men dersom vi kjem igjennom innan rimeleg tid, trur eg vi vender tilbake til normalen.
– Senterpartiet og Framstegspartiet har leie høgt på målingane før koronakrisa. Er det rom for parti med så spissformulert retorikk i krisetider?
– Alle parti ønskjer å framstå som samarbeidsvillige i denne situasjonen, men dei gjer sjølvsagt taktiske vurderingar og forfølgjer sine eigne kjepphestar no når lommeboka til staten er vidopen, seier Clemet.
Spår sprekk i harmonien
Politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus, meiner at regjeringa er i ein pressa situasjon, der venstresida og FrP stadig påfører regjeringa tap i spørsmål om krisepakkane.
Han trur likevel at alle partia vil ha interesse av å gå tilbake til ein normal politisk situasjon når krisa er over.
– Arbeidarpartiet og Senterpartiet har gode utsikter for eit regjeringsskifte ved neste stortingsval. Venstre og KrF trivst i regjering utan Frp, og FrP trivst med å vere ute av regjering, meiner Udjus.
Sjølv om det er eit stort fokus på samhald mellom partia på Stortinget i dag, meiner Udjus at den harmonien fort kan slå sprekkar.
– FrP leflar med kreftene om seier at ein må roe ned smitteverntiltaka og «ikkje ta heilt av». Frp-leiar Siv Jensen var ute og sa at vi må tenke på kostnadane, utan å seie kva ho ville kutte. Ho sender eit signal til veljarane, og når vi nærmar oss påske, vil nok hytteforbodet bli ei symbolsak for dei, spår Udjus.