Ekspertens advarsel: – Ikkje gå ut på dato
Det finst ikkje eit enkelt svar på når ein toppleiar bør gi seg. Men ikkje sitt til evig tid, er rådet frå leiingsekspertar.
– Dersom det hadde vore eit lett svar på når ein toppleiar bør gi seg, hadde det ikkje vore behov for eit styre, blir det hevda i ein Fortune-artikkel frå 2005. Men viss ein organisasjon opplever misnøye, konfliktfylt stemning og lita grad av fornying, kan det vere eit varsko om at det bør skje noko på toppen, seier prorektor og føresteamanuensis i organisasjonspsykologi Therese E. Sverdrup ved Norges Handelshøgskole (NHH).
Ho peikar på at det rette tidspunktet for ein leiar å gi seg, handlar både om den strategiske omgivnaden, kulturen i bedrifta eller organisasjonen og den personlege leiarstilen. Sverdrup viser samtidig til ei undersøking frå USA, der medianen for kva tid leiarane skifta beite i dei 500 største private selskapa i landet låg på 4,9 år.
– Og når det kjem til sjølve sjefen i USA, opererer dei med maks åtte år, seier Sverdrup og ler.
I kristne organisasjonar handlar ofte arbeidet om å jobbe langsiktig mot ein visjon - eller misjon. Sverdrup meiner derfor tala frå næringslivet USA nødvendigvis ikkje bør setje standarden. Ho trekkjer ei linje til visjonære leiarar som Steve Jobs, som grunnla og jobba i selskapet Apple i 25 år til han blei for sjuk.
– Når ein jobbar så visjonært, tek det tid å bygge opp eit selskap eller ein organisasjon.
Lettare å stå ved stupet
– Er det skilnad på å overta ein organisasjon i krise og ein veldriven organisasjon?
– Heilt klart. Det er mykje lettare å snu ein organisasjon som står på det vi kallar ei brennande plattform. Når organisasjonen står ved eit stup, kan du som leiar kome inn og seie at viss vi ikkje gjer dette og dette, så kjem verksemda til å døy. Då er det lettare å få med seg folk, forklarer Sverdrup.
Ho trur denne mekanismen kan gjelde for fleire kristne organisasjonar.
– Viss medlemsmassen forsvinn og berre blir eldre og eldre, må ein sette seg ned og tenke «Kva skal vi gjere no, folkens?». Har vi den leiaren vi treng for å gjennomføre ein snuoperasjon, eller treng vi ferske auge? Men så er det ikkje alltid medlemmene i organisasjonen er klare for ei endring, og kanskje er det akkurat derfor organisasjonen er i krise? undrar ho.
Personavhengig
– Kva ville haugianismen vore utan Hans Nielsen Hauge? Kva ville pinserørsla vore utan Ludvig Karlsen? spør han.
Han heller vil ikkje tidfeste når det er ideelt å klatre ned frå leiarstolen, men viser til at det er lurt å ha folk på toppen som ikkje skal sitte til evig tid.
– Vi må hugse på at det er hardt og krevjande å vere leiar. Det er ein viss fare for å gå ut på dato.
Det ideelle leiarskiftet i hans auge, er eit som gir ein roleg kontinuitet.
– Gjerne der det kjem ein frå innsida som allereie kjenner konteksten, seier Arnulf.
Perfekt match
Viss du kjenner at du sit ein stad der du ikkje meistrar oppgåvene, manglar motivasjon og trua på det du er sett til å gjere, er det teikn på at du bør finne på noko anna, meiner Therese E. Sverdrup.
- Det beste er viss ein kan få til ein overlapp mellom felta kompetanse, interesse og inntekt. For å vere ein god leiar må ein ønske det, ville det, og ha kompetanse til det ein skal gjere.
Ho peikar samtidig på at misnøye i ein organisasjon eller bedrift ikkje alltid er sjefen si skuld.
– Misnøye kan også kome av tilsette som ikkje er endringsdyktige nok. Der bør ideelt sett vere ein opplevd match mellom dei tilsette og sjefen, seier Sverdrup.