Plassmangel: Ifølgje Statistisk sentralbyrå vil dødsfalla i Noreg auke med 43 prosent innan 2050.
Håkon Mosvold Larsen/NTB
Eldrebølgja er for stor for norske kyrkjegardar
Meir bruk av kremasjon kan vere løysinga.
I år vil 41.130 nordmenn døy, etter prognosane. I 2050 vil talet ha auka til 57.883.
Det er ei dramatisk utvikling.
Konsekvensen er mellom anna at ein ikkje har nok plass til å gravleggja alle som kjem til å døy i løpet av dei neste tiåra.