FELLES OPPLEVINGAR: Ellen (41), Kornelia (8), Andrea (15), Stein Eirik (43), Olivia (11) og Hedda (13) ser fram til nye eventyr saman.

Ellen og Stein Eirik tar barna ut av skulen for å gå på bibelskule i Nairobi

– Eg lengtar etter ein kvardag utan planlegging, seier firebarnsmora på Jæren.

Publisert

Medan nordmenn flest det nye året med slankekurar, pengesparing og fulle timeplanar legg familien Heskestad ut på ein tre månader lang familieretreat i Kenya.

Vinterkulde, kvardagslogistikk og overfylte timeplanar legg dei igjen heime i Noreg.

I kø for å sikre seg plass

– Eg ser for meg deilig, avslappande ettermiddagar. Nå blir ungane tvungne til å vere saman med oss på kveldane, spøker firebarnsmor Ellen Heskestad.

ELLEN OG STEIN EIRIK HESKESTAD: Ekteparet tar dei fire barna med på bibelskule i Nairobi denne vinteren.

Ho får støtte av mannen, Stein Eirik, som tok initiativ til det uvanlege familieeventyret. Ekteparet frå Kvernaland er langt frå dei einaste kristne foreldra som ønskjer seg ein pause frå kvardagslivet heime.

Småbarnsfamiliar står nå i kø for å sikre seg ein plass på bibelskulen, Tid, i Nairobi.

Om Tid Familie

Familiebibelskole starta av Norsk Luthersk Misjonssamband i 2017,

Varer tre månader om gongen.

Lokalisert i Kenya, Nairobi på Misjonssambandets tomt i Karen, som er hovudbase for Misjonssambandets arbeid i Øst-Afrika-regionen.

Tid familie er retta mot store eller små familiar som ønsker ein pause frå ein hektisk kvardag i Norge, og som ønsker å investere tid og ressursar på relasjonen til Gud og til kvarandre.

Det er sett av tid til bibelstudie, undervisning i bibel, misjon og andre tema som er retta mot det å vere ein kristen familie. Målet er at familien skal vere rusta til å vere ein aktiv kristen familie i Noreg som får bety ein forskjell der dei bur.

Det er lagt til rette med både barnehage og skule slik at både dei vaksne og barna skal få mest mogleg utbytte av opphaldet.

Kilde: nlm.no

Lange ventelister

I dei fem åra Tid har eksistert har det på kvart kull vore minst fem familiar på venteliste til dei sju plassane.

Bibelskulen fyller nokre av dei viktigaste behova hos moderne, kristne familiar, meiner Tid-leiar, Elisabeth Heggheim.

I KENYA: Elisabeth Heggheim Thorsen og Torfinn Torsen saman med barna Elina (15), Samuel Trygvald (14) og Jonathan (11).

Ein vanleg dag på bibelskulen startar klokke 0800. Da får mor og far lønnkammertid, altså tid til bibellesing og bøn, åleine eller saman som ektepar.

Klokka ni til to går barna i barnehage og skule, medan foreldre får bibelundervisning. Når klokka slår 14 sluttar dagens forpliktingar. Då har heile familien fri timeplan resten av dagen. Det er faste ballsport-aktivitetar dei kan vere med på, viss de vil, andre gonger drar de på kyrkjebesøk eller misjonstur til slummen, men det aller viktigaste er å gi rom til å prioritere Gud og familie, ifølgje Tid-leder Elisabeth Heggheim.

Det viste seg å vere ei suksessoppskrift.

– Det er alltid fire til fem familiar som står på venteliste for å få plass. Ryktet går raskt frå familiar som har vore her, seier ho.

Familiane kjem frå alle samfunnslag og har barn i alle aldrar. Nokre deltakarar er og aleineforeldre.

– Felles er ønsket om å komme seg ut av hamsterhjulet heime, der barn skal køyrast hit og dit og foreldre skal delta i styre og stell, seier Heggheim.

Solkrem, gips og ballettskor

Firebarnsfamilien på Kvernaland kjenner seg igjen. Denne mandagsettermiddagen har dei sett av ein time til å pakke saman.

Kornelia (8) fyller kofferten sin med ymse kosebamsar, ballettskor og ein gammal gips ho brukte ein gong ho hadde brekt armen.

KORNELIA HESKESTAD: Familiens 8-åring gler seg til reise men gruer seg til edderkoppar.

I bakgrunnen er Stein Eirik, som er fastlege, i gang med å sette reisevaksine på Andrea (15).

REISEVAKSINE: Stein Eirik Heskestad legg siste hand på verket for eit trygt opphald i Nairobi.

Mor Ellen skal snart køyre 15-åringen til togstasjonen.

– Eg er veldig glad i kvardagen, men ser fram til ein pause frå stresset på veg ut dørene «kor er shortsen? Eg finn ikkje fotballskoa. Kven har tatt refleksvesten», seier Ellen.

Far, Stein Eirik, gler seg til å oppleve noko annleis.

– Å gå å trø i det same år ut og år inn er ikkje ideelt. Eg ser fram til å oppleve noko nytt saman før ungane blir for gamle til det. Eg trur me har godt av det, seier han.

Det trur også familieterapeut Maria Skogly.

Får støtte frå familieterapeut

– Eg synest familiane er modige som tør utfordre den tradisjonelle kvardagen og gjere det dei drøymer om, seier Skogly til Dagen.

MARIA SKOGLY: Utdanna familieterapeut, spesialpedagog og sertifisert Marte Meo-terapeut. Har lang erfaring innanfor arbeid med med barn, ungdom og familiar, både som privatpraktiserande terapeut og i spesialisthelsetenesta psykisk helse.

Ho trur effekten av opphaldet kan bli betre tid og mindre stress for familien.

– Å ha større tilgang på foreldre som har litt betre tid, og kan vere meir til stades, er sjølvsagt svært positivt. For familien og for parforholdet, vil det truleg vere ein heldig konsekvens.

Det er ikkje umogleg å oppnå same effekt heime i Noreg, ifølgje familieterapeuten, men det krev planlegging.

– Samtal om kva ein ønsker å endre i kvardagen, fokuser på verdien det er å vere saman, finn ro og ver til stades i nået, tilrår ho.

Legg vekk skjermen

Tid-leiar, Elisabeth Heggheim meiner å sjå ein tydeleg effekt på familiane gjennom opphaldet.

– På bibelskolen får dei kjenne på varmen, eit seinare tempo og fellesskapskjensla som pregar kulturen i Nairobi.

MEIR UTELEIK: Barna på Tid-bibelskulen legg bort skjermen og leikar meir saman ute, ifølgje Tid-leiar Elisabeth Heggheim. Her frå tomta der bibelskulen ligg i Nairobi.

Det gjer noko med familiedynamikken, meiner bibelskuleleiaren.

– Mor og far får mykje meir tid til kvarandre og ungane får masse leiketid ute saman. Det blir lettare å leggje bort skjermen. Det er klart at det er kjempepositivt for familielivet når ingen har noko de må gjere på kveldane, seier Heggheim.

For familien Heggheim blei Tid-opphaldet så positivt at dei enda opp med misjonsteneste på bibelskulen i tre år. Ho kjenner også til fleire andre familiar som har reist ut i teneste etter å ha vore på Tid.

Stein Eirik Heskestad innrømmer at misjonsteneste freistar. Dottera Hedda (13) derimot er skeptisk.

HEDDA HESKESTAD: 13-åringen likar seg heime i Noreg, men gler seg til varmen i Nairobi.

– Det vil eg faktisk ikkje, dessverre, fastlår ho.

– Tre månader borte er lenge nok.

– Kva håpar de å ta med heim til Noreg når bibelskulen er over?

– At me et mindre fisk til middag og meir kenyansk mat, seier Olivia (11).

Far Stein Eirik håper på betre vanar knytte til bibellesing og bønn. Mor Ellen håper på at familien kjem nærare kvarandre. Enn så lenge står att framleis aktivitetar og gjeremål på kvar sin kant før avreise 1. januar 2023.

Powered by Labrador CMS