EPLEMOST: I dag er det heldigvis mogeleg å velje og vrake i gode eplemostar som eit alternativ til cola og vatn.
Erlend Aas / NTB scanpix
Eplemost, takk
Når 85 prosent av nordmenn oppgjev å ha drukke alkohol siste år, kan det vere modig å gjere det motsette.
Det er gode grunnar til å ta eit glas vin.
Men nei, eg drikk ikkje alkohol. Eg har slutta.
Det var ikkje fordi eg tykte det smakte vondt eller at eg hadde ein tendens til å drikke for mykje.