Er du kristen, over 55 år og har vore gift lenge? Då er du sannsynlegvis lukkeleg
Ny undersøking viser kva som kjenneteikner Noregs lukkelegaste menneske.
«Eg blir så glad når eg ser deg. Eg blir så glad når eg ser deg...».
I Bryne kyrkje set songen, som barnekoret opnar med, tonen for denne søndagsgudstenesten like før påske. Foreldre og besteforeldre sit i benkeradene og filmar og stemmer i:
«... Jeg er glad og fri, det er fordi, Jesus elsker meg – hei!»
Alle smiler, særleg den middelaldrande jærprosten, Lars Sigurd Tjelle, i bakgrunnen.
– Klisjéen om at kristne heng med hovudet kjenner eg meg ikkje igjen i. Det er eit mysterium for meg, seier han til Dagen.
Ei ny undersøking viser at Tjelle har statistikken på si side.
Dette gjer nordmenn lukkelege
Kyrkjegjengarane i Bryne er nemleg ikkje åleine om å kjenne seg glade. Dei mest tilfredse er nemleg som han; truande og bur i Rogaland, ifølge den nye undersøkinga Lykkebarometeret.
Jærprosten seier først han blei overraska over at folk er lukkelagare i Rogaland enn andre stader i landet.
Så kjem det for ein dag at han har ein teori på lur.
– Eg har lyst til å sei det er fordi det er så mange truande her, seier han og humrar.
Å vere truande, takknemleg og å vere i langvarig forhold aukar sjansen for lukke yttarlegare. 8 av 10 som har vore med same partnar i meir enn 20 år er lukkelege, mot 56 prosent av dei einslege.
Barnebarn, moderat alkoholforbruk og å høyre til høgresida politisk er andre kjenneteikn ved dei mest tilfredse. Det same er økonomisk tryggleik.
Mest nøgde er utadvende personar over 55 år, som til dømes Lars Sigurd Tjelle.
– Eg trur eg kan krysse av på alle lukkeboksane, kanskje utanom politisk slagside, skreiv han på Facebook, etter å ha lese om undersøkinga på Nrk Rogaland.
Dagen ville finne ut korleis Tjelle har funne fram til gleda, og ikkje minst kva han gjer for å halde på lukkekjensla når livet er vanskeleg.
Lukkelegast på gudsteneste
Tilbake i Bryne kyrkje har prost Lars Sigurd Tjelle sett seg ned på fremste rad, med sjokoladekake i eine handa og kaffi i den andre.
Det er på gudsteneste han er lukkelegast.
Han har kyrkjelyden i ryggen og lysstrålene frå mosaikken i brillene.
– Det vi har gjort i dag gir meg ei enorm glede og lukkekjensle. Eg er i kjernen av det eg er både som menneske og som yrkesutøvar, seier prosten etter gudstenesten.
– Når eg får lov til å tene Gud saman med andre, og i dette rommet, kjenner eg meg veldig jorda. Veldig trygg. Her høyrer eg til, held han fram.
Trygg når livet er vondt
Tjelle understrekar at ein kan oppleve tryggleik og tilhøyrsle i eit idrettslag, ei interesseforening eller eit politisk parti også.
Men han trur den kristne trua har ein ekstra dimensjon.
– Eg kan komme til Gud med nederlaga mine, med feila og det eg har gjort gale for å få tilgjeving. Det er jo heilt «wow». Det er fantastisk.
Likevel er han ikkje alltid glad når han kjem heim frå gudsteneste.
– Eg kan gå ut av kyrkjerommet og kjenne livet er vanskelig. Likevel er eg viss på at eg kan vere trygg i Han, sjølv om eg har der vondt.
Han utdjupar:
– Når livet skjelv og alt rasar er Gud der. Han seier «det er greit, slapp av, det går bra». Så løfter han meg opp. Det er med på å forme og nære lykkekjensla mi.
Psykolog: – Å tru gjer deg lukkeleg
Psykolog, Liss Anda-Ågotnes er ikkje overraska over at prosten på Jæren kjenner seg lukkeleg.
Ho er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger og kristen sjølv.
– Som truande har du klare retningsliner for korleis du skal oppføre deg for å føle deg som eit vellukka moralsk menneske. Du veit til dømes at du ikkje skal ha sex før ekteskap, samtidig som du er trygg fordi det alltid er tilgjeving å få.
Ho peiker på at religion gir meining i livet.
– Du får mykje gratis som religiøs. Du må ikkje ta fatt på den store og nesten umulege oppgåva med å finne meinga sjølv.
Vanskeleg å ikkje passe inn
Rammene og fellesskapet i trua kan gjere livet enklare – i alle fall for dei som passar inn, ifølge Anda.
Men det er det ikke alle som gjer.
– Somme kyrkjer snakkar om kor mykje pengar du har gitt og kor mange timar du har lagd ned som frivillig. Dei som ikkje klarer leve opp til standarden kan miste trua på seg sjølv og kjenner seg uverdige. For nokon blir det til traumar, og då kjem dei gjerne til psykologane.
Viss ein kjenner det slik er det ein ting som hjelper: kjærleik utan atterhald.
– Har du nokon som glad i deg bare fordi du lever og pustar skal du ta fram kjensla over å vere i blikket til ein slik person. For mange kristne er relasjonen til Gud slik. Ein treng ikkje gjere noko nyttig for å vere elska. Ein kan bare vere, seier Anda.
– Nokon som er med uansett
Tilbake i Bryne kyrkje sit to komande konfirmantar i benkeradene og fnisar, bøgd over kvar sin telefon.
Heller ikkje dei er overraska over at tru påverkar lukkekjensla positivt.
– Dei kristne blir nok glade av å ha ei tru, for når du trur kjenner du at det er nokon som er med deg uansett, seier Vanessa Tjelta (14).
Sjølv kallar ho seg 40 prosent kristen. Venninna Celine Ree Saltrø seier ho er hundre prosent kristen.
Begge er lukkelege.
Unge er mindre lukkelege
Ikkje alle unge er like heldige.
Bare 6 av 10 av dei under 25 år kjenner seg lukkelege mot 8 av 10 av dei som er 65 år eller eldre.
Tjelta og Saltrø er ikkje overraska.
Mobbing og kroppspress i sosiale mediar får skulda.
Men det finst ei løysing, meiner dei to 14-åringane.
– Eg set på musikk som gjer meg glad eller snakkar med nokon, seier Saltrø.
Prost, Lars Sigurd Tjelle, gjer mykje av det same. For han auka lukkekjensla med alderen.
Blei gladare med alderen
– Som ung hadde eg mange idéar om alt eg skulle få gjort og styrte vel litt meir med det, seier Tjelle.
Draumen var å bli operasangar.
– Det blir det gjerne ein nedtur når du innser du ikkje får gjennomført alle draumane dine. Så må du forsone deg med at livet blei annleis. Kanskje vil du sjå at du har ganske mykje å vere takknemleg og glad for likevel, seier Tjelle og smiler.
– Kva råd har du til dei som ikkje har hatt same openberringa?
– Ver med nokon som er glad i deg, ta deg ein tur ut i naturen og sist, men ikkje minst; oppsøk ein gudsteneste.