Erkebiskopen av Canterbury meiner at rike må betale meir skatt
Erkebiskopen av Canterbury, Justin Welby, meiner ein må tenkje fundamentalt nytt om korleis økonomien fungerer.
Erkebiskopen av Canterbury, Justin Welby, meiner ein må tenkje fundamentalt nytt om korleis økonomien fungerer. Den øvste leiaren i Church of England tek til orde for at rike må betale meir skatt, for meir offentleg velferd for fattige, og auka skatt på teknologi-gigantar som Google og Facebook.
– Dersom du dominerer marknaden for data, har du truleg meir velstandsfordelar enn om du dominerer marknaden for gull og olje, seier Welby til BBC. Utspelet kom i samband med lanseringa av ein stor rapport frå Commission of Economic Justice tidlegare i september. Welby er medlem i kommisjonen.
Han meiner det trengst nye reguleringar for å sikre at selskap som Google og Facebook forvaltar personlege data frå brukarar på ein ansvarleg måte.
Før Welby vart prest, jobba han i elleve år med finans i oljeindustrien. Som erkebiskop av Canterbury, ei stilling Welby har hatt sidan 2013, er han også øvste leiar for det globale anglikanske fellesskapet med rundt 80 millionar medlemer.
LES: Folkemas skaper prestestress
Viser til Jesus
Erkebiskopen argumenterer for ein auke i minsteløna for å støtte familiar som slit økonomisk. Samstundes støttar han auka selskapsskatt.
– Menneske lid av urettferd i økonomien, seier Welby til BBC.
Ifølgje rapporten er problema i økonomien fundamentale og resultat av ei utvikling som har pågått i 40 år. Kombinasjonen av bremsa produktivitetsvekst og stigande prisar har skapt problem for mange familiar. Då meiner Welby det er viktig å ta omsyn til desse.
– Eg tek utgangspunkt i verdien til kvart menneske slik eg lærer det frå Jesus Kristus, seier han.
Erkebiskopen understrekar at synspunkta hans ikkje er eit åtak på ei bestemt regjering eller eit bestemt parti, sidan problema har lange røter.
Større fridom
Professor Phillip Booth meiner derimot at det finst kristne argument for kapitalismen som Welby burde halde fram.
«Sanninga er at den frie marknaden har levert målberre fordelar for samfunn som lever i samsvar med den», skriv Booth i eit debattinnlegg i The Telegraph. Han er professor i finans, politikk og etikk ved katolske St Mary´s University i London.
Booth viser til undersøkingar som fortel at eit klart fleirtal av anglikanske kyrkjegjengarar er politisk konservative. Derfor undrar han seg over at den øvste åndelege leiaren deira skal fremje ein politikk som bryt med konservativ ideologi.
«Økonomisk fridom gir menneske verdigheit til å gjere sine eigne moralske val og handle målretta for å følgje kallet sitt i livet», skriv Booth.
LES: Erkebiskop hylles for åpenhet om farskap
– Fortener tillit
Professoren påpeikar at livskraftige kristne samfunn har vore kjenneteikna av at det er blitt skapt tiltak for å fremje hjelp og fellesskap. Han ser det som kyrkja si rolle å støtte ein slik prosess, ikkje å medverke til at staten vert stadig større.
«Resultatet av ein marknadsøkonomi kjem frå dei frie avgjerdene til folket. Erfaringa tilseier at desse fortener litt meir tillit frå dei religiøse leiarane våre».