Etablerer jødisk forening i Bergen
Organisasjonen Det jødiske samfunn skal etablere seg i Bergen.
I ei pressemelding seier organisasjonen at dette blir den første av sitt slag i byen. Dei vil samle og representere den jødiske befolkninga i bergensområdet.
Det vil innebere mellom anna å organisere religiøse, kulturelle og språkbaserte aktivitetar. På sikt ønskjer dei å kunne gjennomføre høgtidsarrangement, språkkurs i hebraisk og jiddisch, og seminar om jødisk historie og kultur.
Annonse
Målet er å etter kvart kunne opprette ei synagoge og innsette ein rabbinar og kantor i Bergen, skriv dei.