SELT: Normisjon Region Aust har selt Haraset leirstad i Stange kommune, Innlandet fylke.
Foto: Normisjon
Etter 79 års eigarskap har Normisjon selt leirstaden sin: - Det sat langt inne
Normisjon har valt å selja Haraset leirstad. Ny eigar er Ungdom i Oppdrag.
- Det sat langt inne å selja Haraset leirstad, men me er glade for at me kunne selja han til ein organisasjon med same visjon som oss, nemleg at folk skal verta kjende med Jesus og veksa i trua, seier Aslaug Irene Halden Gjerull, som er regionsleiar i Normisjon Region Aust.
Normisjon har prøvd å drifta leirstaden i mange år, men innser at oppussingskostnadene er for høge og inntektene for låge.
Dei vil difor prioritera å bruka tid og ressursar på dei resterande fire leirstadene som tilhøyrer Normisjon Region Aust.