INTERNASJONAL MERKSEMD: Päivi Räsänen får bistand frå den kristne juristorganisasjonen ADF International, som vert leia av briten Paul Coleman.

Etterforska for å sitere frå Bibelen

Den kristne rikspolitikaren og tidlegare statsråden Päivi Räsänen meiner trusfridomen og ytringsfridomen står på spel.

Publisert Sist oppdatert

For tida pågår politietterforsking av fire forskjellige tilfelle der Räsänen er skulda for hatefulle ytringar mot homofile. Dagen har tidlegare omtalt dei to første tilfella.

– Eg er overraska over at etterforskinga held fram i desse sakene som djupast sett handlar om trusfridom og ytringsfridom, sier Räsänen til Dagen i eit intervju på epost.

Ho er utdanna lege, gift med ein prest og har site i det finske parlamentet sidan 1995. Frå 2011 til 2015 var ho innanriksminister i Finland.

Pride-sjokk

Då Den evangelisk-lutherske kyrkja slutta seg til Helsinki Pride i fjor, vart Päivi Räsänen sjokkert. I august skreiv ho ei melding på Twitter saman med eit bilete av Romarbrevet 1,24-27. I dette bibelavsnittet vert seksuelt samkvem mellom menneske av same kjønn omtala med uttrykk som «skammelege lyster», «imot naturen» og «utukt».

– Eg ville vekkje opp leiarskapet i kyrkja og kristne, seier Räsänen.

Ho meiner avgjerda til kyrkja undergrev folks tillit til Bibelen.

– Siktemålet mitt var på ingen måte å fornærme seksuelle minoritetar. Kritikken min retta seg mot leiarskapet i kyrkja, understrekar ho.

Viser til Bibelen

Etter at Räsänen vart meld til ­politiet av ein privatperson for tweeten, har riksadvokaten i ­Finland bede politiet etterforske henne i tre andre saker. Det første er eit hefte med tittelen «Til mann og kvinne skapte han dei» som ho gav ut i 2004. Det finst framleis tilgjengeleg på nettet, også i engelsk utgåve.

Dei to andre tilfella gjeld eit radioprogram og eit tv-program i høvesvis 2018 og 2019 der ho også vart spurd om synet sitt på homofili.

– Bibelen er Guds ord og lærer at ekteskapet er meint å vere mellom éin mann og éi kvinne. Alle andre seksuelle relasjonar er mot Guds vilje og syndige, seier ho.

Nektar for hat

Politikaren synest dette ikkje burde vere oppsiktsvekkjande når kristne har tenkt slik i 2.000 år, men meiner synspunktet i dag blir forteia og forakta.

– Det finst ingen universelt ­akseptert definisjon av hatefulle ytringar, seier Räsänen.

Som kristen tenkjer ho at dersom nokon uttrykkjer eit synspunkt som strir med trua eller samvitet hennar, betyr det ikkje at dei ho er blitt truga, injuriert eller fornærma i strafferettsleg forstand.

– Når vi lever i eit demokratisk land, må vi kunne vere usamde og uttrykkje usemja vår. Eg meiner­ den beste responsen er meir ­debatt, ikkje sensur, seier ho.

Dersom det viser seg at ytringane henner er straffbare, meiner ho den logiske konsekvensen er at det må bli kriminelt å spreie Bibelen eller gjere han tilgjengeleg.

«Finlandisering»

– Meiner du Finland skil seg frå andre nordiske eller europeiske land på dette området?

– Den same utviklinga kjem til syne i heile Europa. Samstundes er det rart at vi er komne så langt i Finland, seier Räsänen.

Ho meiner det minner om «finlandisering»: tidlegare tiders frykt for å kritisere Sovjetunionen.

Menneskeverd

Når ein politikar som har site i parlamentet i 25 år, ikkje kunne førestille seg at ytringane skulle verte oppfatta som kriminelle, meiner ho ein umogeleg kan vente at den jamne samfunnsborgar skal kunne gjere det.

– Det blir ofte peikt på at seksuelle minoritetar er utsette for trakassering og til og med vald i Aust-Europa, og i Afrika også kan verte straffedømde. Korleis tenkjer du om å sikre trusfridomen og ytringsfridomen, og samstundes gjere samfunnet trygt for alle borgarar?

– Menneskerettane gjeld alle­ menneske. Desse fridomane­ inkluderer også trusfridom, ytringsfridom, fridom til å ha eit synspunkt og så vidare. Oppdraget til den kristne kyrkja er å forkynne bodskapen om nåde. Jesus fordømte ikkje kvinna som vart gripen i ekteskapsbrot, men sa til henne: Gå bort og synd ikkje meir. Eg trur at kvart menneske er skapt i Guds bilete og at menneskeverdet alltid er absolutt. Dette er startpunktet også i politikken, svarer Räsänen.

Guds kjærleik

– Ei innvending som også kan kome frå truande kristne, er at det ikkje tener saka å sitere bibelvers som vert oppfatta som kontroversielle i vår tids kulturklima, utanfor konteksten dei står i, overfor eit publikum som har heilt andre oppfatningar. Korleis responderer du på dette?

– Det er trist dersom menneske ikkje kjenner Jesu kjærleik og ikkje trur på Bibelen. Løysinga er likevel ikkje å avskaffe det Bibelens lære. Alle menneske er verdifulle og skapte i Guds bilete, men alle av oss er også falne. Bibelens lære spring ut at Guds kjærleik, og den strir ikkje med kristen kjærleik, seier ho.

– Surrealistisk oppleving

Strafferamma er bøter eller inntil to års fengsel dersom ho blir dømd i ei eventuell rettssak. Så langt har ho vore til avhøyr for to av sakene og to står igjen. Det første avhøyret varte i nesten fire timar, det andre i fem og ein halv time.

– Etter å ha vorte avhøyrd av politiet om heftet no i mars, var hjartet mitt fullt av takksemd. Migrena eg hadde hatt sidan dagen i ­førevegen, forsvann så snart eg nådde avhøyrslokalet, seier Räsänen.

Ho opplevde at det gav eit høve til å forklare ikkje berre læra om ekteskapet, men kva kristen tru djupast sett handlar om

– Det er ei uforståeleg, surrealistisk oppleving å vere under politietterforsking for Bibelens lære i eit land som har så djupe røter i ytringsfridom og trusfridom. Vi er vane til å høyre nyheiter som dette frå ei fullstendig forskjellig gruppe nasjonar, stader som Nord-Korea eller det tidlegare Sovjetunionen, seier ho.

Etter at politiet har fullført etterforskinga, blir det opp til riksadvokaten å avgjere om saka skal inn for ein domstol.

– Dersom riksadvokaten tek ut tiltale mot meg, er det sannsynleg at prosessen vil vare i fleire år, seier Räsänen.

Straum av støtte

Politikaren er takksam for støtte frå ektemannen og dei fem vaksne borna deira.

– Eg har fått overveldande mykje støtte både frå Finland og utlandet. Eg ser det som eit privilegium at så mange ber for meg og familien min, seier ho.

Fleire kristne leiarar frå forskjellige samanhengar har også vist støtte, mellom anna ved å publisere bilete av avsnittet frå Romarbrevet.

– Parlamentarikarar frå forskjellige parti har snakke om kor viktig det er å verne ytrings­fridomen, seier ho.

Ho meiner LHBT-rørsla har fått stor makt og åtvarar mot sjølvsensur. Ho ser ikkje bøter og fengsel som det største trugsmålet.

– Det kan opne ein veg som fører til fleire publiseringsforbod og moderne bokbål. Berre det faktum at det pågår politiavhøyr av dette, set ytringsfridomen og trusfridomen i fare ved at det fungerer avskrekkande, seier ho.

Gir seg ikkje

– Du har sagt at du vil halde­ fram med å bruke trusfri­domen og ytringsfridomen din. Korleis­ vil du gjere det?

– Jo meir vi teier om vanskelege og kontroversielle tema, jo ­smalare blir ytringsfridomen og trusfridomen, seier ho.

– Eg vil halde fram med å ­snakke om Guds heilage ord i samsvar med trua mi. Vi skal ikkje skamme oss over Herren ­Jesus og orda hans, heile Bibelen, for dette er Guds kraft til frelse. Å stole på Bibelen som Guds ord er eit solid fundament for at evangeliet kan bringe fram nytt liv, vinne hjarte og påverke samfunnet positivt, seier ho.

Uroa for demokratiet

Den kristne juristorganisasjonen ADF International har engasjert seg i saka til Räsänen.

– I eit fritt samfunn bør alle ­vere frie til å formidle overtydingane sine utan frykt for sensur, seier leiaren i ADF International, Paul Coleman, i ei pressemelding.

Han synest det er oppmuntrande at mange har uttrykt støtte til Räsänen.

– Å kriminalisere ytringar gjennom lover mot såkalla hatprat stoppar viktige offentlege debattar og utgjer ein alvorleg trugsmål mot demokratia våre. Slike saker skaper ein fryktkultur og sensur som er i ferd med å bli altfor utbreidd i Europa, seier Coleman.

Powered by Labrador CMS