Etterlyser betre debatt i bedehusland
– Folk vegrar seg for å ta vanskelege samtaler, seier mangeårig misjonstilsett.
I eit innlegg i Dagen måndag skreiv Gjermund Nordhus: «Hva har vi lov til å snakke høyt om i bedehusland? Jeg har mange ganger hatt lyst til å ytre meg mer. Men jeg har ofte latt være.»
Nordhus har lang fartstid i sentrale posisjonar i Misjonssambandet, men understrekar at kronikken ikkje var særskilt mynta på hans eigen organisasjon og at det er litt tilfeldig at han kjem på trykk same veka som dei har generalforsamling. Men at han gjennom fleire år har reflektert over måten debattar og samtalar vert handtert på i Bedehus-Norge generelt.
– Kva er det ikkje lov å seie i Misjonssambandet?
– Eg lister opp nokre tema i innlegget, men poenget mitt er ikkje einskilde tema, men debattklimaet. Vi kunne hatt eit betre samtale- og debattklima, seier Nordhus som i innlegget sitt nemner tema som samlivsetikk, hyrde- og læreansvar, israelsteologi, helvete, forkynning og bruk av alkohol.
«Han er på stø kurs»
Han peiker i kronikken på ein grunn til at han trur det har blitt slik: At ein vert vurdert med kommentarar som: «Hun har blitt litt liberal i det siste.» «Han er kjempekonservativ.» «Han er på stø kurs.» «Hun er skikkelig solid.» «Hun er nokså bibeltro.» «Hun er ikke så bibelsk lenger.» «Vi kan ikke ha åndelig tillit til ham lenger, for han er på gli i tjenestedelingsspørsmålet, og hva blir da det neste han skifter mening i?»
Han frykter at slike utsegn set folk i bås, fører til at dei mister tillit og blir sett på sidelinja. Difor kjem han med ei oppfordring:
«Derfor bør vi slutte å snakke på denne interne og ekskluderende måten. Vi må tenke gjennom at måten vi snakker på påvirker andre. Andre vil også modellere og kopiere hvordan vi snakker.»
Prat i kaffiselskap
Dersom det ikkje er rom i fellesskapen for å stille vanskelege spørsmål, trur Nordhus at dei berre vil finne nye arenaer.
– Samtalane finn vegen til kaffiselskapa viss vi ikkje tek dei andre stader, seier Nordhus.
– Har du sjølv lagt band på deg og ikkje spurt om ting du lurer på eller sagt ting du meiner?
– Ja, i nokre samanhenger. Det er sikkert menneskeleg å tilpasse seg.
– Kva konsekvensar får det viss nokon seier at ein person er på gli?
– Det kan variere. Og eg meiner at det kan vere på sin plass å seie frå i eit styrerom når ein skal vurdere om ein person er eigna. Men viss det blir eit språk og ein slenger rundt seg med slike utsegn, kan det skape utryggleik og ta frå folk frimodet. Dei kan vere usikre på om dei kan opne munnen, om dei manglar den støe kursen eller det rette åndelege synet. Grunnen til at eg har frimod til å skrive, er at eg har fått stadfesta frå mange nok at det er slik, seier Nordhus.
– Er det ikkje viktig for ein organisasjon å gjere vurderingar av personar om kven ein skal satse på?
– Jo, absolutt.
– Kva har du sjølv gjort for å opne debatten i organisasjonen?
– Eg har jobba med både generalforsamling og UL og teke opp tematikker på nettstaden itro.no. Eg har forsøkt å bidra litt til å få temaet på agendaen. Eg synest det er kult med gruppearbeidet rundt strategi som skal vere på generalforsamlinga denne veka, men det skal ikkje eg ta æra for, seier Nordhus.
Generalforsamlinga skal ha gruppearbeid med rundt 200 grupper med fem delegatar i kvar for å starte ein open samtale om strategien for organisasjonen.
Melder seg til teneste
Misjonssambandet får stadig fleire forsamlingar, dei har stoppa nedgangen i barne- og ungdomsforeiningar og kvar veke melder det seg unge til teneste, ifølgje treårsmeldinga.
– Det er ein livskraftig organisasjon der det ikkje ser ut til at folk er skremt av debattklimaet?
– Eg trur ikkje folk er skremt.
– Er debattklimaet då eit problem?
– Folk blir frelste, og dei melder seg til misjonærteneste. Eg vil ikkje seie at det er noko motsetnad mellom å vere ein livskraftig organisasjon og trong for å jobbe med kulturen.
– Må vere lov å stille spørsmål
– Sjølv om det er usemje, er det viktig at det er lov å stille spørsmål, seier ho og fortel at ho har opplevd at det er rom for å spørsmål.
– No sit eg i posisjon og har dermed tilgong til informasjon om prosessar og til personar. Det kan hende dette vert opplevd annleis for dei som har større distanse til leiarar og prosessar i organisasjonen.