Etterlyser eit verkeleg oppgjer med rasisme
Kristne kommentatorar meiner rasespørsmålet har fått ei kraft det ikkje har hatt på fleire tiår.
– Situasjonen er svært alvorleg, seier Paul Glader ved kristne King’s College i New York på epost til Dagen.
Han har lang fartstid som journalist i Wall Street Journal og underviser journalistikkstudentar.
Glader påpeikar at George Floyds død berre er eitt av mange ferske eksempel på at politifolk har vore hardhendte overfor svarte menneske.
– For mange i USA symboliserer dette ei historisk undertrykking som framleis manifesterer seg som institusjonalisert rasisme og det somme kallar ein pandemi utan vaksine, seier han.
Svarte vert arresterte ti gonger så ofte som kvite, ifølgje ein analyse USA Today gjorde av politirapportar i 2014.
Fordømmer rasisme
Paraplyporganisasjonen National Association of Evangelicals, som representerer 45.000 kyrkjer frå meir enn 40 kyrkjesamfunn uttrykkjer sorg over alvorleg rasediskriminering i USA.
«Vi fordømmer rasisme og valdeleg maktmisbruk, og vi ber om rettferd for ofra og familiane deira og oppmodar kyrkjer til å kjempe mot haldningar og system som opprettheld rasisme», heiter det i ei fråsegn.
Historieprofessor John Fea ved kristne Messiah College meiner rasediskrimingeringa har plaga USA heilt frå landet vart grunnlagt.
– Dei fleste kristne fordømmer rasisme, fordømmer polititenestemennene som var involverte i Floyds død og støttar fredelege protestar. Men mange konservative evangelikale, særleg dei som støttar president Donald Trump, ser ikkje ut til å vere villige til å gå i rette med dei større spørsmåla om systematisk rasisme som er grunnfesta i det amerikanske samfunnet, seier Fea i ein epost til Dagen.
Han legg til at det ikkje har vore tilsvarande utslag av rasebasert opprør sidan Martin Luther King Jr. vart drepen i 1968. Det oppstod også raseopptøyar i Baltimore i 2015 og Los Angeles i 2015, men ingen av desse vart på same måten nasjonale.
Frir til kristne
Trump har erklært seg som ein støttespelar av fredelege demonstrantar, men samstundes teke til orde for lov og orden. Det gjorde han også i forkant av at han han stilte opp til fotografering med ein bibel i handa framfor St.John’s Church i Washington D. C. på måndag.
– Historia lærer oss sjølvsagt at når herskarar og politiske leiarar hevdar å forsvare lov og orden og brukar Bibelen til å rettferdiggjere ein slik politikk, så går det ikkje veldig bra. Slaveeigarar i sørstatane gjorde dette. Det same gjorde Hitler, seier Fea.
Tysdag besøkte Trump eit katolsk minnesmerke for pave Johannes Paul 2. i den amerikanske hovudstaden. Den same dagen lanserte han også ein presidentordre der han gjorde trusfridom til ein prioritet i internasjonal politikk.
Evangelist Franklin Graham, som har vore ein sterk støttespelar for Trump, meiner presidenten på denne måten viste eit standpunkt etter at kyrkja var blitt vandalisert og påtent dagen før.
«Gud og Hans ord er det einaste håpet for nasjonen vår», skriv Graham på Twitter.
Kritikarar meiner presidenten frir til kristne i ei krisetid for å sikre seg støtte fram mot valet i november.
Unngår kaos
Fredelege protestar har fleire stader utarta til herjing, plyndring og vald.
– Opprør veks fram frå kaos, seier Terry Mattingly i ein epost til Dagen.
Han er redaktør for nettsida getreligion.org og tilknytt University of Missisippi. Han meiner det avgjerande ser ut til å vere om det er lokale leiarar og struktur som pregar demonstrasjonane.
– Der du har svarte kyrkjelyder og erfaring med borgarrettskamp, ser du orden og menneske med faktiske mål, i tillegg til legitim sorg. Der ser du også potensial for konstruktiv kontakt med kvite kyrkjelydar, seier Mattingly.
«Ved å kapre fredelege demonstrasjonar har mordarar, plyndrarar, eldspåsetjarar og vandalar vanæra minnet til George Floyd og verdigheita til den storslagne røsla for rasemessig lækjedom (...). Herre, vis nåde», skriv forfattar og Trump-støttespelar Eric Metaxas på Twitter.
Kompliserer valkamp
Politisk er amerikanarane framleis sterkt delte langs etniske linjer, ifølgje ferske tal frå Pew Research Center. Medan fire av ti registrerte demokratiske velarar er ikkje-kvite, gjeld det same 17 prosent mellom republikanarane.
– Eg trur rasesamanstøytane og den sosiale uroa vil forme vala av president, Kongress og guvernørar i 2020, seier John Fea.
Glader meiner kombinasjonen av koronapandemien, den økonomiske nedturen i kjølvatnet av denne og no rasekonflikt har gjort presidentvalkampen meir kompleks for Trump. Men Glader er usikker på om det styrkar eller svekkar sjansane for attval.
– Etter mitt syn har motviljen hans mot media, politiske motstandarar og nokre minoritetar heilt klart gitt næring til sinne og frustrasjon og slik gatevald som vi ser no, seier han.
Nøkkelrolle for tru
På den andre sida påpeikar Glader at vensteekstremistar, og kanskje også høgreestremistar, nyttar sjansen til å skape uro.
– Bøna og håpet er at vi oppdagar nokre nye politiske idear som kan fungere og nye måtar å lækje eit land som har mange opne sår og rifter akkurat no. Religion og tru vil heilt klart ha ei nøkkelrolle for heilande samtalar når desse kan starte, seier Glader.