TEOLOGI: Eva Kristin Dale Wessman begynner på teologistudiet ved NLA Høgskolen.
Daniel Kydland
Eva (40) vil bli prest: Ho er éin av rekordmange teologistudentar
– Det har nok vore ei modning der eg har innsett at også eg kan ha noko å komme med som prest, seier ho.
Nyleg begynte tusenvis av unge menneske over heile landet å studere.
Trass i at dei ferskaste tala frå Statistisk sentralbyå viser ein viss nedgang i studentar etter koronapandemien, er ikkje det tilfellet for årets teologikull på NLA Høgskolen i Bergen.
Den private institusjonen kan nemleg flagge med totalt 23 nye studentar innafor teologi og praktisk teologi, noko som er ei vesentleg auke sett mot fjoråret.