OPNING: Kamala Harris hadde ordet under opninga av landsmøtet til Demokratane på måndag denne veka. FOTO: Jacquelyn Martin / AP Photo / NTB

Evangelikal støttegruppe for Harris brukar Bibelen mot Trump-tilhengarar

Den amerikanske presidentvalkampen viser spenningar også i familien til verdsevangelist Billy Graham.

Denne veka pågår landsmøtet til Det demokratiske partiet i Chicago. Der skal Kamala Harris formelt verte utpeikt som presidentkandidat.

Gruppa Evangelicals for Harris er mellom dei som er på offensiven for å mobilisere veljarar. Det har fått mykje merksemd at rundt åtte av ti kvite evangelikale kristne røysta på Trump ved vala i både 2016 og 2020.

Skulda for å øydeleggje

Initiativtakarane vil tilbakevise at det å vere kristen er det same som å vere republikanar, eller ein støttespelar for Donald Trump. I ein reklame har organisasjonen klipt saman fleire kontroversielle utsegner frå Trump, mellom anna om at blodet til det amerikanske folket vert forgifta.

På denne bakgrunnen ber gruppa folk lese 1. Johannesbrev 1, 4.

– Å røyste på Kamala er ei røyst mot fire nye år med trusleiarar som rettferdiggjer handlingane til ein mann som øydeleggjer bodskapen Jesus kom for å spreie, seier Jerushah Duford ifølgje Religion News Service.

Ho arbeider som terapeut og er barnebarnet til Billy Graham (1918-2018) som i si tid var verdas mest kjende predikant. Han møtte også personleg elleve amerikanske presidentar på rad.

I 2020 støtta Duford «Evangelicals for Biden». I eit lesarinnlegg i USA Today argumenterte ho for at støtte til Trump fornærmar arven etter bestefaren.

Sjølv fremjer ho andre haldningar i omstridde saker enn bestefaren hadde. Ho presenterer seg som ein LHBTQ-venleg terapeut og har teke til orde for at evangelikale bør akseptere ekteskap mellom to av same kjønn.

Etterlyser syndserkjenning

Franklin Graham, som er onkel til Duford, reagerer sterkt på at Evangelikcals for Harris i ein annonse brukar eit sitat frå faren til å åtvare mot Trump.

LANDSMØTE: Franklin Graham leier i dag Billy Graham Evangelistic Association. I juli talte han under landsmøtet til Republikanarane. FOTO: J. Scott Applewhite / AP / NTB

«Dei liberale brukar kva som helst og alt mogleg dei kan for å fremje kandidat Harris. Dei har til og med utvikla ei politisk annonse der dei prøver å utnytte biletet til far min, Billy Graham,. Dei prøver å villeie menneske. Kanskje dei ikkje visste at far min sette pris på dei konservative verdiane og politiske løysingane til president Donald Trump, og dersom han var i live i dag, ville synspunkta og meiningane hans ikkje ha vore endra», skriv Graham på Twitter/X.

I den aktuelle annonsen er eit klipp der Billy Graham spør tilhøyrarar om dei har vore ved Jesu kross og vedkjent at dei har synda. Deretter kjem eit mykje omtalt klipp frå 2015 der Trump i eit intervju seier at han ikkje er sikker på om han har bede Gud om tilgiving, skriv Newsweek.

Evangelicals for Harris let seg ikkje rikke av kritikken frå Graham:

«Saka, Franklin, er at du i di tilbeding av Trump har forlate evangeliet», svarar dei ifølgje The Hill.

«Kristne berre i namnet»

Skuldingane er harde også den andre vegen.

Forfattar og talkshowvert Eric Metaxas skuldar gruppa for å vere «kristne berre i namnet».

KRITIKAR: Eric Metaxas talte under Den nasjonale bønefrukosten i 2012, med dåverandre president Barack Obama som tilhøyrar. Metaxas fører i dag ein kompromisslaus kamp mot Demokratane.

«Gud vert ikkje lurt. Heller ikkje burde du bli lurt», skriv han på Twitter/X.

Mellom republikanarar er det rundt 80 prosent som reknar seg som kristne, ifølgje ei undersøking som PRRI gjennomførte i 2022.

Men også mellom Demokratane gjeld dette eit fleirtal på rundt 60 prosent. Men ein større del av dei demokratiske veljarane i mindre grad er kvite evangelikale, og tilhøyrer andre trussamfunn. Ein større del er også farga.

Oppslutnad mellom progressive

Historieprofessor John Fea ved Messiah University har lenge interessert seg for politisk tenking blant kristne amerikanarar.

– Sosial-etiske spørsmål er alltid viktige. Kjønnsidentitet, transrettar og abort vil framleis motivere konservative evangelikale velljarar. Desse spørsmåla vil også motivere mange konservative katolikkar. Moderate og progressive katolikkar vil gå i retning Harris, seier Fea til Dagen på epost.

ERSTATTAR: Visepresident Kamala Harris skal under landsmøtet i Chicago formelt ta over for Joe Biden som presidentkandidat.

– Kor gode føretnader har Harris for å få med seg ikkje-kristne kvite veljarar?

– Svarte kristne vil røyste på henne i store tal, og ho vil ha god kontakt med dei, meiner Fea.

Harris reknar seg som baptist og tilhøyrer ei liberal grein av denne tradisjonen.

Meir appell hos farga

Eit overveldande fleirtal av svarte kristne i USA røystar tradisjonelt demokratisk. Den liberale utviklinga i partiet har gjort at fleire av desse kjenner seg meir heimlause, men dette har ikkje ført til vesentleg auka oppslutnad om Republikanarane, ifølgje ein artikkel hos Brookings Institution som kom tidlegare i år.

Fea meiner det er meir spenning knytt til korleis veljarar med latinamerikansk bakgrunn, såkalla hispanics, vil røyste.

– Klasse er viktig her. Utdanna kristne hispanics vil halle i retning Harris. Kristne hispanics utan collegeutdanning vil halle i retning Trump, seier han.

Powered by Labrador CMS