VALGKAMP: Presidentkandidat Donald Trump i kjent driv, tirsdag 23. januar i år.

Evangelikal Trump-støtte: «Han er den einaste Frelsaren eg kan sjå»

Å vere evangelikal handlar for ein aukande del av amerikanarane meir om politikk enn teologi.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har røysta på Trump to gonger, og eg vil røyste på han igjen, seier pensjonisten Cydney Hatfield frå den vesle tettstaden Lohrville i Iowa, til New York Times.

Så la legg ho til:

– Han er den einaste frelsaren eg kan sjå.

Hatfield er oppvaksen i ein baptistfamilie, men går ikkje lenger i kyrkja.

– Eg prøver berre å gjere det som er rett. Eg ber til Gud kvar kveld, fortalde ho.

Støtte frå åtte av ti

Alt tyder på at Donald Trump i november blir republikansk presidentkandidat for tredje valet på rad.

I 2016 og 2020 fekk det mykje merksemd at 81 prosent av kvite evangelikale røysta på Trump, ifølgje valdagsmålingar. I 2020 gjorde 75 prosent det same.

– Latterleg definisjon

Men kven er eigentleg dei evangelikale? Den kristne historieprofessoren Thomas Kidd stilte spørsmålet i Wall Street Journal tidlegare i år. Og han synest det er vanskeleg å vite.

«Nokre sjølvidentifiserte evangelikale veljarar går ikkje eingong i kyrkja. Mange i media ser ut til å definere «evangelikale» som kvite republikanarar som oppfattar seg sjølve som religiøse».

I både åndeleg og historisk meining vurderer Kidd ein slik definisjon som latterleg. Han har skrive ei rekke bøker om kristen historie i USA. Ei av dei er «Who Is an Evangelical? The History of a Movement in Crisis».

«Den evangelikales år»

I amerikansk samanheng kom det eit viktig skilje i 1976, ifølgje Kidd. Dette året vart peanøttbonden og søndagsskulelæraren Jimmy Carter frå Georgia presidentkandidat for Demokratane. Han er ein av presidentane i amerikansk historie som har snakka mest ope om den personlege omvendinga si.

Evangelikale leiarar hadde vore engasjerte i partipolitikk heilt sidan 1950-talet. Mest kjend er verdsevangelisten Billy Graham, som hadde personleg kontakt med ei rekke presidentar i si levetid. Men med Carter i Det kvite hus erklærte Newsweek 1976 for «The year of the evangelical».

Og i meiningsmålingar starta Gallup å bruke dette som ein kategori og spurde korleis dei røysta. Kidd meiner dette var særleg lagnadstungt.

Stor skilnad på hudfarge

Ein av fire amerikanarar reknar seg som evangelikale, ifølgje tala til Pew Research Center frå 2021 Det er ein tilbakegang frå 30 prosent i 2007, men framleis er dette den største kategorien religiøse i USA.

Det viser seg å vere stor skilnad på korleis evangelikale med forskjellig hudfarge eller etnisk bakgrunn røystar ved val. Dei kvite evangelikale utgjer 14 prosent av befolkninga. Det er her Trump, og andre republikanske presidentkandidatar, får støtte frå eit stort fleirtal. Blant andre evangelikale, ikkje minst afroamerikanarane, er støtta til Demokratane langt sterkare.

Skifte med Reagan

Mange kvite evangelikale var skuffa over Carter som president. Dei syntest han var for ettergivande i sosialetiske spørsmål. Dessutan gjekk det dårleg både økonomisk og utanrikspolitisk.

Det kristne høgre vaks fram og stilte seg bak republikanaren Ronald Reagan i 1980. Han var den første presidenten i amerikansk historie som var skild og gjengift, men markerte sterk motstand mot den gudlause kommunismen og forsvar for ufødt liv.

Frykt for konsekvensar

Statsvitar og pastor Ryan Burge, som særleg konsentrerer seg om det religiøse landskapet i USA, mener det er tydeleg at partitilknytning avgjer kva folk røystar.

– Slik var det på 1950-talet, og slik er det i dag. Religion betyr ikkje i nærleiken av så mykje som folk trur det gjer, seier Burge til Religion News Service.

Han trur mange kristne leiarar eigentleg er kritiske til Trump, men fryktar for konsekvensane ved å gi uttrykk for dette.

Eit av utviklingstrekka New York Times skildrar, er at det er nye og tidlegare ukjende leiarar får posisjonar ut frå korleis dei markerer seg politisk.

Powered by Labrador CMS