RESULTAT: President Donald Trump vert stilt for riksrett, men kristne allierte kallar saka eit spel.

Evangelikale står last og brast med Trump

Kristne støttespelarar forsvarar presidenten, men unngår å diskutere sakene som ligg til grunn for riksrettsprosessen.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag vedtok Representanthuset å stille Donald Trump for riksrett, som den tredje presidenten i amerikansk historie.

Fram mot riksrettssaka mot president Bill Clinton for 21 år sidan engasjerte kristne over heile det politiske spekteret seg i ein oppheita debatt. Den handla om dei etiske sidene ved den seksuelle kontakten Clinton hadde hatt med ein praktikant i Det kvite hus og den offisielle tiltalen om å lyge under eid.

Evangelikale kristne diskuterte Clintons brot på etiske standardar, maktmisbruken hans, manipuleringa med sanninga og, kanskje mest sentralt, den personlege karakteren hans. Etter at Clinton bad om orsaking i forkant av riksrettsavrøystinga, vart det diskusjon om kva omvending og tilgiving inneber, og om han hadde vist tilstrekkeleg anger.

Politikk, ikkje person

I samband med riksrettsprosessen mot Trump har det vore langt mindre engasjement i slike spørsmål, særleg mellom kvite evangelikale kristne, som er dei sterkaste støttespelarane til presidenten. Dei ivrigaste allierte av Trump har kalla prosessen eit spel. Evangelisten Franklin Graham har sagt at det er «nesten ei demonisk kraft» i sving i motstanden mot Trump.

Tony Perkins, som er president for den kristne lobbyorganisasjonen Family Research Council og leiar for Den amerikanske kommisjonen for internasjonal religionsfridom, seier at han er meir oppteken av dei mange positive tinga presidenten har gjort, både innanlands og utanlands.

– Eg ser på politikken han fører. Eg heng meg ikkje opp i personlege ting, og administrasjonen hans vinn overlegent når det gjeld politiske vegval, seier Perkins.

Med tanke på innhaldet i skuldingane, at Trump skal ha pressa ukrainske leiarar for å etterforske ein politisk rival og i praksis drive utpressing, seier Perkins:

– Det er ingenting der. Eg trur dette vert avspegla i meiningsmålingane no at folk ser dette meir som eit politisk teater enn noko anna.

Kritikk frå liberale

I kontrast til dette publiserte det relativt liberale magasinet Christian Century ein sterk leiarartikkel på måndag som hevda at åtferda til Trump var uakseptabel. Leiarskribenten oppmoda republikanske senatorar til å felle presidenten.

Den liberale katolske publikasjonen National Catholic Reporter skreiv i ein leiarartikkel at riksrettsprosessen er vel verd innsatsen. Dei katolske biskopane i USA har ikkje uttalt seg om saka.

Men Christianity Today, som er flaggskipet for moderate evangelikale, har ikkje teke redaksjonell stilling.

– Det er i stor grad ei politisk historie, og det er vanskeleg å finne ei unikt kristen tilnærming til denne. Det ville vere nødvendig for at vi skulle kommentere saka, seier sjefredaktør Mark Galli.

Heller ikkje paraplyorganisasjonen National Association of Evangelicals har uttalt seg.

Siterte Jesus

Historieprofessor John Fea ved Messiah College i Pennsylvania meiner ein ser eit brot med tidlegare riksrettssprosessar, då det var sterke debattar om substansen i saka. Denne gongen registrerer han at motsetnadene følgjer partipolitiske skiljelinjer. Men han trur også at kristne leiarar kan oppleve det vanskelegare å få grep om kva saka dreiar seg om denne gongen.

Ingen republikanarar er venta å røyste for avsetjing av Trump når saka truleg kjem opp i Senatet i januar. Under debatten i Representanthuset kom fleire republikanarar med kjensleladde forsvarstalar for Trump. Dei brukte også bibelske bilete.

– Pontius Pilatus innvilga Jesus fleire rettar enn demokratane har gjort overfor presidenten i denne prosessen, sa representanten Barry Loudermilk.

Representanten Fred Keller siterte Jesu ord på krossen om å tilgi dei som kom med skuldingar mot han.

– Så eg vil at demokratane som røystar for riksrett i dag, skal vite at eg vil be for dei, sa Keller.

Han siterte frå Lukas 23,34: «Og Jesus sa: Far, tilgi dei, for dei veit ikkje kva dei gjer».

Powered by Labrador CMS