FAMILIEBIBEL: Med handa på familiebibelen frå 1893 vart Joe Biden innsett som president i USA på onsdag.

Evangelikale ut, katolikkar og jødar inn

Med Joe Biden som president vert den religiøse samansetjinga av den amerikanske regjeringa heilt annleis enn ho var under Donald Trump.

Publisert Sist oppdatert

Innsetjinga av Joe Biden og Kamala Harris som president og visepresident på onsdag hadde fleire religiøse referansar. Begge avla eiden på biblar med stor personleg symbolsk verdi. Ein jesuittprest og ein afroamerikansk pastor medverka med høvesvis forbøn og velsigning.

Countryartisten Garth Brooks song salmen «Amazing Grace». I talen sin siterte Biden frå Bibelen og kyrkjefaderen Augustin. Han initierte ei stille bøn, men utan å seie noko om til kven eller kva ein skulle be.

Den evangelikale forfattaren og aktivisten Michael Wear, som var rådgivar for Barack Obama, meiner talen var den beste Biden har halde.

– Den henta frå dei djupaste kjeldene til meining som Biden kan hente frå, inkludert tru, seier Wear til Christianity Today.

Ingen evangelikale

Med vala av innslag og medverkande førte Biden vidare amerikansk tradisjon for religiøse element ved ein slik seremoni. Samstundes var han ikkje som Trump oppteken av å innlemme ein representant for kvite evangelikale kristne.

Evangelist Franklin Graham bad under innsetjinga av Trump i 2016 og har vore tett på den nyleg avgåtte presidenten. Graham har også uttrykt tillit til Trumps påstandar om valjuks, men har i samband med innsetjinga oppmoda kristne til å be for Biden og Harris.

Omfamna av Trump

Kvite evangelikale kristne utgjer rundt 15 prosent av den amerikanske befolkninga, ifølgje Public Religion Research Institute. Rundt åtte av ti i denne gruppa røysta på Trump ved vala både i 2016 og 2020.

Fleire av regjeringsmedlene til Trump identifiserte seg som evangelikale kristne.

Mellom dei var utanriksminister Mike Pompeo, utdanningsminister Betsy DeVos, justisminister Jeff Sessions og energiminister Rick Perry. Ikkje minst var visepresident Mike Pence også oppfatta å stå nær evangelikale kristne sjølv om han formelt er katolikk.

To norskætta

Katolikkane er i fleirtal blant kandidatane Biden har peika ut til regjeringa si, ifølgje Religion News Service.

Sjølv er han den andre katolske presidenten i amerikansk historie, innsett nøyaktig 60 år etter at John F. Kennedy vart den første.

I mellomtida er John Kerry den einaste katolikken som har vore presidentkandidat, i 2004. No er han utpeika som presidentens utsending for klima. Slike utsendingar vert nokre gonger inkluderte på statsrådsnivå, ifølgje ein oversikt frå Religion News Service.

Mellom dei mange katolikkane som vil verte statsrådar dersom dei vert godkjende i Senatet, har to norske familierøter. Deb Haaland er føreslått som innanriksminister og Jennifer Granholm som energiminister.

Ikkje religion

Katolikkar utgjer drygt 20 prosent av den amerikanske befolkninga, ifølgje Pew Research Center. Dei er allereie sterkt overrepresenterte i høgsterett, der seks av ni dommarar er katolikkar.

Grunnlova gjer klart at det ikkje skal vere religiøse krav til kven som kan ha offentlege embete. Biden har truleg vore meir oppteken av å finne kandidatar som kan vere representative i brei forstand - med tanke på etnistitet, rase og kjønn - og ikkje religion, ifølgje Religion News Service.

– Det er svært vanskeleg å ta høgde for alle aspekt ved korleis landet ser ut, seier Robert P. Jones som leier meningsmålingsinstittutet PRRI.

Fleire jødar

I Trump-administrasjonen var det fleire jødar i sentrale posisjonar, mellom anna som rådgivarar, utsendingar og ambassadørar. Mest merksemd har det vore rundt svigersonen Jared Kushner og dottera Ivanka. Mellom statsrådane var Steve Mnuchin den einaste jøden, ifølgje jewishvirtuallibrary.org.

Biden har peika ut Antony Blinken som utanriksminister, Merrick Garland som justisminister (som republikanarane hindra Barack Obama å få som høgsterettsdommar) og Alejandro Mayorkas som nasjonal tryggingsminister.

Avril Haines skal leie den nasjonal etterretninga og Ron Klain vere stabssjef i Det kvite hus.

Tre medlemer av protestantiske kyrkjesamfunn er på lista til Biden. Visepresident Kamala Harris og bustads- og byutviklingsminister Marcia Fudge er baptistar, Pete Buttigieg er episkopal.

Det er også utpeika eit par hinduar, men ingen muslimar.

JØDISK: Antony Blinken er nominert som utanriksminister av Joe Biden. Her er han under utspørjing i utanrikskomiteen i Senatet på måndag.

Forbøn og utfordring

Forsikringar om forbøn for både Biden og resten av regjeringa kjem frå såvel politiske støttespelarar som motstandarar.

– Eg ber om at avgjerdene dine vil vere rettleia av omsynet til å byggje eit samfunn prega av autentisk rettferd og fridom, saman med usvikeleg respekt for rettane og verdet til kvar person, særleg dei fattige, sårbare og dei som ikkje har ei stemme, seier pave Frans.

Sørstatsbaptisten Richard Land, som har støtta Trump, tek for gitt at Biden veit at eit klart fleirtal av kvite og «hispanic» evangelikale ikkje røysta på han. Likevel gratulerer han Biden og understrekar at han frå dei ikkje vil høyre «farleg nonsens» om at han ikkje er deira president.

«Eg kan forsikre deg om at det store fleirtalet av amerikanske evangelikale vil be for deg kvar dag», skriv Land i Christian Post.

Han lovar presidenten støtte når han står opp for ytringsfridom, trusfridom og andre menneskerettar. Samstundes utfordrar han presidenten til å revurdere det liberale synet sitt på abort.

Powered by Labrador CMS