Fekk nok av at kyrkja blanda seg inn i politikken: – Hald dykk til det som skjer innanfor kyrkjedøra
Det siste tiåret har det blitt 7 millionar færre katolikkar i Polen. Ei av dei som har mista trua på kyrkja er Dominika Gala.
Dominika Gala voks opp med å gå til messe med bestemora si. Ho gjekk også på ein katolsk skule i Warszawa. Etter bestemoras død i 2010, byrja ho å fjerne seg frå kyrkja.
Eit tiår seinare, då den katolske leiinga støtta eit nesten totalt abortforbod i Polen, gjorde Gala si sterke usemje kjent.
Ho forlét formelt kyrkja i oktober 2020, berre nokre veker etter at Polens høgste domstol stengde eit stort smotthol i landets abortlov. Lova var allereie blant dei strengaste i Europa.
Vil at kyrkja held seg til det kyrkjelege
Sidan har ho hjelpt mora og fleire vener med å forlate kyrkja, og no leiar ho eit borgarinitiativ for å avgrense religionen si rolle i det offentlege liv.
– Det er ei sterk kopling mellom kyrkja og dei negative hendingane i polsk politikk, seier Gala, no ein ateist, til The Associated Press.
Når Lov og Rettferd-partiet søkte ein tredje periode i valet den 15. oktober, prøvde det nasjonalistiske styringspartiet å framstille seg sjølv som ein forsvarar av kristne verdiar og tradisjonell moral. Men mange polakkar stilte spørsmål ved sitt forhold til den katolske kyrkja, og nokre peikar på dens nære forhold til regjeringa som ein grunn til å tvila.
For Gala var det springande punktet abortavgjerda, men ho mislikte også sterkt Lov og Rettferd-partiets anti-LBHT-politikk. Ho føler at alliansen mellom kyrkja og partiet har ført til auka religiøst påverknad i polakkane sin kvardag.
– Kyrkja bør halde seg innanfor kyrkjedørene. Der kan dei truande samlast og byggja fellesskap. Men kyrkja bør ikkje vere til stades i skular, ved opning av symjebasseng, vegar og kjøpesenter, meiner ho.
Kraftig tilbakegang
Ein ny rapport frå den polske statistikkbanken viser at delen av den polske befolkninga som er katolikkar, har minka frå 87 prosent i 2011 til 72 prosent i 2021, skriv Kristeligt Dagblad.
Det inneber cirka sju millionar færre katolikkar i landet med nesten 38 mill. innbyggjarar.
Historisk har Polen vore landet i Europa der oppslutnaden om Den romersk-katolske kyrkja har stått sterkast.
I 1978 vart polakken Karol Wojtyla pave, som første ikkje-italienar på 455 år. Han sat i embetet heilt til han døydde i 2005. I den første fasen var han ein viktig symbolfigur i kampen mot kommunismen.
Opprør mot religionsundervisning
Dei siste åra har Den katolske kyrkja hatt sterke band til det nasjonalkonservative Lov og rettferdspartiet (PiS). Partiet mista fleirtalet i valet på søndag, der det var rekordhøg oppslutnad.
– Partiet støttar Den katolske kyrkja økonomisk, og Den katolske kyrkja støttar regjeringspartiet gjennom retorikken sin og gjennom forskjellige arrangement, som friluftsgudstenester der ministrar frå regjeringa talar frå preikestolen.
Det seier den polske professoren Zbigniew Mikołejko til Kristeligt Dagblad. Han leier avdelinga for religionsforsking på Institutt for filosofi og sosiologi ved Det Polske Vitenskabsakademi i Warszawa.
Professoren meiner dette samarbeidet har skapt spenningar i eit meir polarisert polsk samfunn. Pedofiliavsløringar og kommunismens er ifølgje professoren andre årsaker til at landet vert meir sekularisert.
– Dei unge gjer opprør mot religionsundervisninga i skulane og den katolske seksualmoralen, og autoriteten til prestane er dalande i den same aldersgruppa, seier han.
Del av global trend
Den danske forskaren Jakob Egeris Thorsen påpeikar at fleire land i verda opplever at unge menneske distanserer seg frå katolisismen.
– Ein såg det same skje i Irland i 1990-åra, i Spania i 1980-åra, og ein ser det i dag i dei store latinamerikanske metropolane som Mexico City, Buenos Aires og Rio de Janeiro, seier han.
Samstundes påpeikar han at kyrkja opplever vekst andre stader i verda, til dømes i Afrika, der ho vert oppfatta som ein oppbyggjeleg og stabiliserande faktor.
Skil seg ut i Europa
Oppslutnaden om kyrkje og kristne trusførestillingar er likevel framleis langt større i Polen enn i dei fleste andre europeiske land.
38 prosent av polakkane går regelmessig i eit gudshus, ifølgje Ipsos Global Advosior Survey som vart publisert tidlegare i år.
Til samanlikning gjeld det same 23 prosent av italienarane, 18 prosent av tyskarane og spanjolane, og åtte prosent av svenskane.
Den same undersøkinga viser at 54 prosent av polakkane trur på helvete. Tilsvarande tal er 31 prosent i Frankrike og 22 prosent i Belgia.