FRELST: Familien Høyseter Svendsen fortel at Åpen Himmel har forandra liva deira. Lillian, Stefan og borna Levi og Theo.
Karl Almedal
Familiefaren ble kristen på leir
Da familien Høysæter Svendsen dro på stevnet Åpen himmel, bestemte Stefan seg for å ta nattverd for første gang.
Sommaren har for alvor kome til Sørlandet, og sola skin på himmelen når IMI-kirken in Stavanger arrangerer sin sommarfestival på Bibelskolen i Grimstad. Området er stappa av campingvogner og telt, og det kryr av folk frå alle kantar.
Det er ein smørblid hovudpastor som møter oss. Egil Elling Ellingsen fortel om rekorddeltaking i år, og at dei i løpet av fem år har vakse seg så store at dei sprengjer kapasiteten på området.
– Vi starta for fem år sidan og hadde ei kjempegod oppleving, og sidan har det berre utvikla seg. Det har blitt fleire og fleire folk, og i år er det rekord med cirka 1200 deltakarar frå heile landet, seier han.