TVERRKYRKJELEG: Det var tverrkyrkjeleg samling på Bergenhus festning i helga. Der kom dei kristne saman i lovsong og bøn for Bergen by.

Feira sankthans med bøn for byen

– Å sjå at folk vaknar og står og priser Gud, både på scenen og rundt på plassen, er heilt fantastisk, seier ein av initiativtakarane bak Kron Ham, som vart arrangert i Bergen denne helga.

Publisert Sist oppdatert

Under sankthansfeiringa i Bergen var mange kristne til stades under arrangementet Kron Ham på Bergenhus festning. Der bad dei for byen og lyfte Jesus fram som konge. Folk i alle aldrar var samla, og fleire kyrkjesamfunn var til stades. Mellom dei katolikkar.

John Malvin Eriksen, lærar og pastor, har leidd prosjektgruppa for Kron Ham og vore med sidan starten.

– Det har eg gjort saman med gode folk, seier han.

Til vanleg går Eriksen i Misjonskirken Bethel i Bergen.

– Det har kome bra med folk, og vi har fått gode tilbakemeldingar frå mange av dei. Poenget med arrangementet er å lyfte opp Jesus og gå i forbøn for byen. Og det har vi gjort.

ARRANGØR: John Malvin Eriksen, Marianne Skjelbred og Anne–Linda Bratsberg Thorsen er tre av dei som står bak arrangementet. Dei har stor tru på bøn og at Jesus held si hand over Bergen. Foto: Per Lønning

Einskap og kjærleik

– Kvifor er du engasjert?

– Eg opplever at Gud har gjeve meg ein draum, og eg har handla ut ifrå den. Gud vil bruke oss, derfor treng vi å vere på plass der Han vil ha oss, seier Eriksen.

Marianne Skjelbred jobbar som kunstnar og har også vore med i prosjektgruppa for Kron Ham sidan starten.

– Eg synest dette er spanande, og eg gleder meg over denne dagen. Det er så kjekt å vere med. Eg trur Gud held på å vekkje opp sitt folk i denne tida. Det er sterkt at vi kan stå saman i einskap og kjærleik.

Saman: KrF-byråd Dag Inge Ulstein i bøn saman med pastorar frå Bergen.

– Prisar Gud

Skjelbred går i Centralkirken i Bergen saman med diakon Anne–Linda Bratsberg Thorsen. Thorsen har også vore med i prosjektgruppa frå starten.

– Eg har hatt ein visjon om at alle kristne i Bergen skal samlast på Brann stadion. Og vi opplever at Kron Ham er første steget i riktig retning, seier Bratsberg Thorsen.

Ho brenn for einskap mellom kristne.

– Å sjå at folk vaknar og står og priser Gud, både på scenen og rundt på plassen, er heilt fantastisk, seier ho.

Fleire lovsongsteam frå ulike kyrkjer i Bergen spelte under Kron Ham. Barnekoret song, og borna bad sine bøner for byen og folket i den. Representantar for Bergen KrF var til stades for å takke kristenfolket for deira engasjement i lokalsamfunnet.

– Det er fantastisk å sjå alle som er med på å gjere denne dagen mogeleg. Vi har kanskje 200–300 frivillige. Og når dei presenterer seg sjølv, så kjem dei frå så mange ulike forsamlingar i Bergen. Då kjenner eg at eg vert glad, seier Marianne Skjelbred.

BØN: Kristne ber for byen. Foto: Bjørn Olav Hammerstad

Frå scenen bad dei for ulike grupper i samfunnet. Kunstnarane var ei av gruppene som vart bedne for.

– Mange av dei ulike tema vi har bede for, rører ved ulike hjarte. Ein står jo i ulike livssituasjonar. Eg jobbar som kunstnar, så den bolken om kunst og kultur rørte veldig ved meg, seier Skjelbred.

– Det er berre fantastisk å stå her saman med så mange brør og systrer frå så mange ulike samanhengar. Vi har tru på bøn, og trur det skjer noko når vi bed. No velsignar vi Bergen, og eg trur Bergen kjem til å merke denne velsigninga.

Ho skryt over kunstnarane og dansarane som lovpriser Gud gjennom sitt uttrykk.

GOSPEL: Artist Hanne Vatnøy leia eit tverrkyrkeleg gospelkoret. Foto: Bjørn Olav Hammerstad

Profetisk kunst

Linn Myhr er kunstnar og er på Kron Ham saman med familie og folk frå Espeland misjonsmenighet. Ho er del av gruppa Hauge Creative.

– Vi målar saman og tilbed Gud med kunsten vår. Det er ei veldig stimulerande gruppe å vere med i. Nokre av medlemene er profesjonelle kunstnarar, medan andre er hobbykunstnarar, seier Myhr.

PROFETISK KUNST: Linn Myhr er del av Hauge Creative – ei gruppe kunstnarar som prisar Gud gjennom kunsten sin. Måleriet er av då Moses leidde folket gjennom Rødehavet som delte seg.

Då ho kom ut av bilen sin og høyrde tilbedinga på området, kjende ho ein lette kome over hennar ånd og inn i hennar hjarte.

Måleria dei laga, vart presenterte frå scenen litt utpå kvelden.

– Det har vore fantastisk å vere her. Eg synest det er kjekt å møte folk i Guds nærvær, seier kunstnarkollega Torunn Urnes Meyer.

KUNST: Kunst av Hauge Creative – ei gruppe kunstnarar som prisar Gud gjennom kunsten sin.

Frivillig

– Eg er på Kron Ham fordi eg synest det er storveges at vi kan kome saman for å hylle og ære Jesus, seier Karl Johan Torvik.

Han er ein av dei frivillige møtevertane under tilskipinga. Han omtalar Kron Ham som ein kristen folkefest og synest det er fint at bålbrenninga på dei sju fjella kan vere til ære for Gud.

– For meg er Kron Ham ei påminning om at Jesus er Kongen i livet mitt, seier han.

Powered by Labrador CMS