REGLAR KAN SIKRE ROM: Tønnes Christian Due-Tønnessen (t.h.) og Daniel Overskott i Laget håpar dei i framtida kan bruke kreftene på noko anna enn å kjempe for å få lov til å halde lagsmøte på skular.

Felles press på stengde dører

Laget har dei siste åra blitt nekta å halde kristne møte på fleire skular. No håpar dei eit nytt regelforslag vil gi elevane den religionsfridomen dei har krav på.

Publisert Sist oppdatert

I dag er det slik at kvar enkelt rektor sjølv bestemmer reglane for bruk av klasseromma. Det fører til ulik praksis, men no trur Laget og ein samla front av norske barne- og ungdomsorganisasjonar på endring.

Fire Krf-representantar har føreslått å få på plass nasjonale retningslinjer for korleis barne- og ungdomsorganisasjonar kan få bruke skular og andre offentlege rom. Torsdag var saka oppe til høyring i Utdannings- og forskingskomiteen. Der troppa ti barne- og ungdomsorganisasjonar opp, med ei sjeldan samstemt melding til politikarane: Få på plass retningslinjer slik at kvardagen blir lettare for oss.

– For ei lita gruppe 15-16-åringar er det tøft å måtte ta opp kampen med sjølvaste rektor, seier feltarbeidar Tønnes Christian Due-Tønnessen i Laget.

Fortvila telefonar

– Når barn og unge møter stengde dører, et det alvorleg. Dette forslaget handlar om barn og unges rett til ei meiningsfull fritid, seier Rode Margrete Hegstad i Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU).

Paraplyorganisasjonen for norske barne- og ungdomsorganisasjonar tok i fjor til orde for at det burde utarbeidast nettopp slike retningslinjer som Krf-representantane Geir Jørgen Bekkevold, Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad og Tore Storehaug no føreslår.

– Kvar veke får vi fortvila telefonar frå barn og unge som har fått nei frå rektor. Det viser behovet, seier Hegstad.

Å nekte elevar å ha skulelag på skulen er i strid med barnekonvensjonen og bryt med religions- og organisasjonsfridomen, heiter det i forslaget.

– Nøytralitet betyr ikkje å lukke rommet for religion og politikk, men å opne opp. Vi har sett ei uheldig utvikling der norske skular har blitt meir restriktive til ung frivilligheit. Derfor er det viktig å få på plass slike retningslinjer. Skulen må legge til rett, ikkje hindre, seier Hegstad i LNU, som til saman representerer 400.000 barn og unge i ulike frivillige organisasjonar.

– Hold dere nær til Jesus, var rådet fra Margit Elisa Andersen (102) til ungdommen på lagsmøtet på Flekkerøy.Posted by Dagen on Wednesday, April 25, 2018

Fotball eller andakt

Laget har tidlegare opplyst til Dagen at dei to siste åra har det vore 21 tilfelle på ungdomsskular og vidaregåande skular der elevar har blitt møtt med restriksjonar frå rektor. I 18 av tilfella har elevane blitt nekta rom.

– På same måte som nokon ønskjer å spele fotball, ønskjer andre å høyre ei andakt, seier Tønnes Christian Due-Tønnessen i Laget.

Han viser til at å kunne møte likesinna i friminuttet er utruleg viktig. At enkelte rektorar har argumentert med at dersom dei opnar for Laget, må dei også opne for bønnemøte for muslimar, fnys han berre av.

– Kva i alle dagar er dei redde for? Det blir feil å presse muslimar vekk av frykt for radikalisering, då blir det fort danna eit fiendebilete der ein ikkje kjenner seg velkomne. Viss ei opnar opp og gir gode rammer, kan ein fange opp og rettleie usunn kultur i alle religiøse samanhengar, seier Due-Tønnessen.

Han får støtte frå prosjektleiar Daniel Overskott i Laget.

– Viss vi i Laget slepp å kjempe om å få ein plass å vere, vil kanskje kristen tru heller ikkje opplevast som noko eksotisk og rart, men blir ein naturleg del av kvardagen.

– Kommunane må få bestemme

Hans Fredrik Grøvan, som er ein av forslagsstillarane frå Krf, sa i mars at han har trua på at forslaget vil få fleirtal nettopp på grunn av den breie tilnærminga dei har valt til saka. Alle høyringsinstansane, frå Human-Etisk ungdom til Målungdommen, meiner forslaget om nye reglar for barne- og ungdomsorganisasjonar sin bruk av skular og andre offentlege lokale, er både viktig og godt.

KS, organisasjonen til kommunesektoren, er den einaste som tek til motmæle.

– Intensjonen er god, men vi meiner løysingane må finnast lokalt. Vi ser ikkje behovet for nasjonale retningslinjer. Staten bør heller vise respekt for lokaldemokratiet og ikkje avgrense det, seier avdelingsdirektør Erling Lien Barlindhaug.

Likt for alle

I forslaget blir det lagt vekt på at nye, nasjonale retningslinjer vil sikre like vilkår over heile landet. Samtidig blir det nemnt at reglane bør innehalde krav om at arrangementa skal vere offentlege, lokalt initiert og opne for alle. Det bør også stillast krav til at aktiviteten er elevstyrt og demokratisk styrt.

LNU peikar i høyringssvaret sitt på at ein bør vere forsiktig med å snevre retningslinjene inn til å berre gjelde lokale arrangement.

– Også nasjonale samlingar av barn og unge slit med dårleg økonomi og kan trenge å overnatte i ein gymsal, peikar dei på.

Utdannings- og forskingskomiteen skal kome med si innstilling i saka innan slutten av mai. Stortinget skal etter planen behandle saka 5. juni.

Powered by Labrador CMS