Fin innføring i påsketekstane
Det er ei lita fin sak til å stikka i handa på einkvan som ein gjerne vil minna om at påskehelga ikkje er berre ferie.
Denne vesle boka tek føre seg det som skjer i påskehelga, frå palmesøndag til andre påskedag.
Det vert gjort på den måten at bibeltekstane frå dei fire evangelia vert sitert om kvarandre på ein slik måte at kronologien i det som skjer, kjem fram. Bibeltekstane vert fletta saman med korte kommentarar med faktaopplysningar og innføring i bodskapen.
Dette er ei svært kortfatta framstilling av påskehendingane og påskebodskapen, der sjølve bibelteksten er hovudsaka.
Dette vert gjort på ein fin og oppbyggeleg måte, slik at det er enkelt og greit å få med seg innhaldet i påskehelga.
Det er også å håpa at det gir inspirasjon til å lesa meir i evangelia om Jesu lidingshistorie, hans soningsdød og han sigerrike oppstode.
Det er ei lita fin sak til å stikka i handa på einkvan som ein gjerne vil minna om at påskehelga ikkje er berre ferie, men ei kristen høgtid om sjølv hovudsaka i frelses-historia.