TYDELEG PROFIL: Dagleg leiar Ragnhild Vartdal Espelund ser teikn til at lokalradioen kan ha blitt endå viktigare for lyttarane i koronatida.
Tore Hjalmar Sævik
Fleire lyttarar og større gåver til kristen radio
Dagleg leiar Ragnhild Vartdal Espelund i Radio Sunnmøre forklarer opptur med lokalt preg og tydeleg kristent innhald.
Som den einaste i full stilling har Espelund mykje å passe på når kanalen sender 73 timar i veka på DAB og FM og heile døgnet alle dagar på nettradio.
– Vi prøvar ikkje å vere meir enn det vi er, og vi har ikkje mange ressursar på å lage god radio. Men god radio har vi likevel eit formål om å gje våre lyttarar kvar dag i alle våre sendetimar, seier Espelund.
Ho har ein pause då Dagen er innom redaksjonen i Spjelkavik, nær det store kjøpesenteret Moa i Ålesund.