Fleirtal av danskane meiner forbod mot brenning også må gjelde Bibelen
Tre av fire meiner eit lovforbod ikkje berre skal gjelde Koranen, ifølgje fersk meiningsmåling.
Dersom det blir ulovleg å brenne Koranen, bør det også vere ulovleg å brenne Bibelen. 62 prosent er heilt samde i dette, medan 11 prosent er delvis samde, ifølgje i ei meiningsmåling utført av YouGov for Kristeligt Dagblad.
Til saman blir det nesten tre av fire av dei drygt tusen spurde.
Oppheva blasfemiparagraf
Statsminister Mette Frederiksen har teke til orde for eit forbod. I eit intervju med Weekedavisen i førre veke, avviste ho at dette vil innskrenke ytringsfridomen. Heilt fram til 2017 hadde Danmark blasfemiparagraf.
I Noreg vart blasfemiparagrafen oppheva i 2015.
Koranbrenningar i Stockholm og København har utløyst store demonstrasjonar i muslimske land dei siste vekene. I dag, torsdag, vart den svenske ambassaden i Beirut utsett for bombeåtak.
Forklarer med likskapsideal
Lektor i religionssosiologi ved Københavns universitet, Brian Arly Jacobsen, meiner støtta til forbod mot bibelbrenning heng saman med likskapsideal i Danmark.
Den same undersøkinga viste at tre av fire danskar ser koranbrenningar som ein unødvendig provokasjon.
– Det er overraskande at tala er så høge, og at så mange er imot at ein skal brenne heilage bøker, seier Jacobsen.
Berre tolv prosent av kvinner forsvarer at koranbrenning skal vere lovleg. Mellom menn gjeld dette 26 prosent.
Teologisk skilnad
Mogens Mogensen har doktorgrad i interkulturelle studiar og har arbeidd med relasjonar mellom kristne og muslimar i mange år. Han er samd med fleirtalet i at eit eventuelt forbod bør gjelde Bibelen.
– Teologisk er det stor skilnad på Bibelen og Koranen. Men det er det ikkje juridisk, seier Mogensen.
Muslimar trur at Koranen er evig og vart openberra for Muhammed som analfabet. Kristne reknar derimot med at Bibelen vart til gjennom ein historisk prosess. Eit vanleg synspunkt er at den muslimske oppfatninga av Koranen minner meir om korleis kristne tenkjer om Jesus.
Bibelgeneral støttar forbod
Generalsekretær i Bibelselskapet i Danmark, Jakob Baun, ønskjer også eit forbod.
– Eg var og er tilhengjar av blasfemiparagrafen, og eg var imot at den vart avskaffa i 2017. Og overordna vil eg seie at heilage skrifter ikkje skal brennast, dei skal lesast, seier Baun til Kristeligt Dagblad.