Spjelkavik kyrkje i Ålesund kommune.

Flyttar prestar etter kyrkjestrid

Biskop Ingeborg Midttømme har avgjort at to prestar må bort frå Spjelkavik kyrkjelyd etter konflikt om felles nattverdfeiring.

Publisert Sist oppdatert

Løysinga på striden i kyrkjelyden i Ålesund kommune, vart presentert i eit møte biskopen hadde med soknerådet tysdag kveld.

Ein prest som står for den tradisjonelle kyrkjelege læra om ekteskapet, har reservert seg mot å feire nattverd med ein kollega som vil vie par av same kjønn.

– Det skaper kjempeproblem i kyrkjelyden, sa soknerådsleiar Ketil Hjelset til Dagen i januar.

– Nokre held med den eine, andre med den andre, og nokre vel å halde seg borte når den eine eller den andre har gudstenester. Det er rett og slett ikkje bra, sa han.

Biskopen delegerte i første omgang ansvaret for å løyse konflikten til prosten. Han omplasserte den liberale presten til ein annan kyrkjelyd i prostiet, men soknerådsleiaren syntest ikkje denne løysinga var god.

– Lytta til smerte

Biskop Midttømme har følgd utviklinga i Spjelkavik kyrkjelyd heilt sidan i fjor sommar.

DJUPTGRIPANDE: Biskop Ingeborg Midttømme understrekar at læremessige spørsmål grip djupt og ser ansvar for å sikre rom for to syn på ekteskapet i Den norske kyrkja.

Biskopen understrekar at det har vore viktig for henne å søkje å ivareta integriteten til alle involverte.

Vil sikre rom

Då biskopen møtte soknerådet saman med prost Svein Runde, orienterte ho også om vurderingar Bispemøtet gjorde førre veke og om avgjerda ho har teke.

– I denne saka er det berre taparar. Både kvar for oss og saman ber vi smerta, seier Midttømme.

Biskopen understrekar at prestane ved ordinasjonen lovar lojalitet mot ordningar som kyrkja har. Ho viser til at Den norske kyrkja i 2017 fekk to likestilte ordningar for inngåing av ekteskap.

– Desse representerer to ulike læremessige syn på ekteskapet. Læremessige spørsmål grip djupt i den einskilde av oss, og tilsynsansvaret mitt inneber også å sikre eit faktisk rom for begge syn, skriv ho.

– Eit ope sår

Biskopane er ifølgje Midttømme samde om at ingen skal verte tvinga til nattverdsfellesskap.

– Når denne fridomen no av kyrkjelyden vert framstilt som eit ope sår og nattverdfeiringa som ein kamparena, må eg som biskop ta dette på alvor, sier Midttømme.

Med dette perspektivet ser ho som det einaste mogelege at begge kappellanane i løpet av inneverande år får presteteneste i andre kyrkjelydar.

– Alle prestar er tilsette med rett og plikt til å gjere teneste innanfor heile prostiet. Dette ligg til arbeidsgivarens styringsrett å organisere. Prosten leiar prestetenesta i prostiet. Eg har derfor bede prosten om å leggje til rette for slik presteteneste, seier biskopen.

Glad for utfall

Soknerådsleiar Ketil Hjelset er nøgd med utfallet.

NØGD: Soknerådsleiar Ketil Hjelset er tilfreds med løysinga biskopen har valt på striden i Spjelkavik kyrkje.

Han påpeikar at soknerådet ikkje har personalansvar eller mynde til å avgjere korleis situasjonen skulle løysast.

– Det siste vedtaket vi gjorde i saka, var samrøystes. Der takka vi biskopen for at ho ville arbeide vidare med saka, og det har jo no gjort.

Samstundes legg Hjelset ikkje skjul på at det er stor breidde i teologiske syn i kyrkjelyden. Han reknar med at det også er dei som er skuffa.

– Er du tilfreds med at de gjekk ut i media om saka?

– Ja. Det er ikkje slik at eg ønskjer publisitet for publisitetens skuld, men eg trur ikkje det hadde kome så langt som det har no utan at soknerådet hadde stått på.

Blant landets største

Hjelset har forståing for at Bispemøtet slår fast at ingen skal tvingast til nattverdsfellesskap.

– Men vi snakkar om kva som kan fungere i ein kyrkjelyd, seier han.

Spjelkavik er ein av dei største kyrkjelydane i landet med over tre prestestillingar.

– Vanlegvis er dette ikkje noko problem ute i kyrkjelydane, fordi det vanlegvis berre er éin prest. Men i store Spjelkavik kyrkjelyd, der det er fleire prestar enn det er kyrkjer, feirar prestane gudstenester saman, seier biskop Midttømme til Sunnmørsposten.

Krev samarbeidsvilje

Spjelkavik kyrkje har tidlegare hatt markante konservative prestar som Ottar Myrseth og Ingebrigt Austnes. Førstnemnde valde å konvertere til Den nordisk-katolske kyrkja, medan sistnemnde på slutten av prestetenesta si tilrådde unge menneske å søkje seg mot ortodoks eller katolsk kristendom.

– Nokre kan oppleve at du stiller krav om at prestar skal relativisere overtydinga si, Hjelset?

– Eg samarbeidde i si tid svært godt med både Myrseth og Austnes, men i Den norske kyrkja er det høgt under taket. Eg vil ikkje forhalde meg til prestar ut frå teologisk grunnsyn, men ut frå kva dei har å by på. Og eg held fast på kravet om at dei skal kunne samarbeide med alle.

– Skal løysast lokalt

Generalsekretæren i Bispemøtet, Christofer Sobakken, understrekar at biskopane i utgangspunktet forventar at prestar i Den norske kyrkja gjensidig går god for kvarandre si presteteneste.

– Så ser vi at det kan oppstå situasjonar der nokre av samvitsgrunnar ikkje finn å kunne delta i nattverdfeiring med andre prestar. Då er vi opptekne av at dette skal handterast på ein best mogeleg måte og løysast lokalt, seier Solbakken.

– Ingen kan tvingast til nattverd. Då kan det høyrest ut som om det er heilt greitt om ein ikkje deltek, og det synest vi ikkje. Ein må ta personar på alvor og prøve å finne ei minneleg ordning, men å ha ei permanent løysing om at ein ikkje skal feire nattverd saman med kollegaer, synest vi ikkje er ein god situasjon.

Konflikt i kyrkjelyd

Spjelkavik kyrkjelyd er med sine over 17.000 innbyggjarar eit av dei største prestegjelda i landet med flest innbyggjarar.

Sidan i fjor har det vore uro i kyrkjelyden knytt til at ein av prestane av samvitsgrunnar ikkje vil feire nattverd saman med ein kollega som seier ja til vigsel av likekjønna par.

Den norske kyrkja innførte liturgi for slik vigsel i 2017, men skulle samstundes ha rom for to syn på ekteskapet.

Powered by Labrador CMS