– Folk skriv berre si meining
Mannen bak Facebook-gruppa «Ja til å bære korset hvor og når jeg vil» er skeptisk til grupperinga frå forskar Mona Abdel-Fadil. Men han seier samtidig at ho står fritt til å meine det ho vil.
– Men ho utelet ei gruppe, og det er gjenfødde kristne med Jesus i sentrum, sier Dan Sandslett, grunnleggar av Facebook-gruppa.
– Dei er ikkje nødvendigvis konservative, meiner Sandslett.
– Stort sett engasjerer folk seg ikkje for å krangle. Dei skriv si meining. At det kan utarta til ein krangel er opp til auget som ser og hjernen som oppfattar. Det gjeld og forskarar.
Sandslett starta gruppa fordi han meiner samfunnet grip inn i enkeltes utøving av tru.
– Det er religionsfridom i Norge, ingen skal trykkast ned på bekostning av andre. Eg synes det var eit grovt overtramp å nekte ein tilsett å vise korset sitt på statskanalen.
– Kva slags funksjon meiner du gruppa har?
– Funksjonen er å bevisstgjere kristne til å engasjere seg for si tru på Jesus og Den heile andes kraft.