VENSKAP: Miriam Valderhaug, Anton Gunnerød og Even Birkebekk synest nye venskap er det beste med å gå på Sjøholt folkehøgskole.
Tore Hjalmar Sævik
Folkehøgskule har gitt meirsmak på jobb
Even (20) sat berre heime før han starta på Sjøholt folkehøgskole. No er han motivert for å kome seg i arbeid.
Det summar i stemmer og klirrar i fat og glas. Elevar og personale på Sjøholt folkehøgskole, som ligg langs vegen knapt halvvegs frå Ålesund til Molde, er samla til lunsj.
I bakken framfor vindauga er arbeidet med dei to nye internata i sluttfasen.
– Vi håper dei skal vere ferdigstilte i løpet av februar. Hovudbygningen heiter «Slottet», og så skal internata heite «Kongen» og «Dronninga», seier rådgivar og lærar Per Gunnar Hamnøy.