KYRKJEBESØK: Kong Charles og dronning Camilla markerte i fjor haust eittårsdagen for dronning Elizabeths død med gudsteneste i ei kyrkje nær slottet Balmoral i Skottland.

For første gong har over halvparten av skottane ingen religion

Medlemstalet i Church of Scotland er halvert i løpet av eit tiår, viser befolkningsundersøking.

Publisert Sist oppdatert

51,1 prosent av skottane oppgir at dei ikkje har nokon religion, melder BBC.

For elleve år sidan sa 36,7 prosent det same.

Tala kjem fram i befolkingsundersøkinga som vart gjennomført i 2022, men er publisert no.

Også færre katolikkar

Berre kvar femte skotte identifiserer seg no med Church of Scotland. Medlemstalet i kyrkjesamfunnet er halvert i løpet av det siste tiåret, ifølgje The Guardian.

Også katolikkane er blitt færre. Med eit fall på 117.000 utgjer dei no 13,3 prosent av befolkninga.

TAKKEGUDSTENESTE: I St Giles Cathedral i Edinburg vart det i juli i fjor halde takkegudsteneste etter kroninga av kong Charles og dronning Camilla. Men kyrkja har ein krympande plass i skotsk kvardagsliv.

Talet på muslimar er meir enn dobla i den same perioden. Dei utgjer no 2,2 prosent av befolkninga.

Heller ikkje i England og Wales er det lenger eit fleirtal som reknar seg som kristne, men der er det det berre 37 prosent som eksplisitt er ikkje-religiøse. Rundt 6,5 prosent er muslimar, ifølgje tal som mellom anna CNN omtalte i 2022.

Krev politiske endringar

Sekularistiske aktivistar meiner tala må få politiske konsekvensar.

– Undersøkinga som viser at befolkninga i Skottland har gått frå å vere hovudsakleg kristen til at eit fleirtal er ikkje-religiøse og stadig meir religiøst mangfaldig, er eit vasskilje, seier leiar Stephen Evans i National Secular Society til The Telegraph.

– Dette understrekar behovet for ei sekulær tilnærming til offentleg politikk, særleg innanfor utdanning der religiøse markeringar framleis er pålagde og kyrkjer har ei privilegert rolle. Og skular framleis er delte langs katolske og protestantiske linjer, legg han til.

Kvittar seg med kyrkjer

Prest David Cameron i Church of Scotland vedgår at fallande medlemstal er ei stor utfordring for kyrkjesamfunnet. Han legg ikkje skjul på at det er sårt og ei kjelde til uro for mange kyrkjemedlemer.

– Men trua vår og relevansen vår kan ikkje berre bli uttrykt som ein serie tal på ein tabell, seier Cameron til BBC.

Rett før nyttår skreiv The Guardian om at rask sekularisering fører til at Church of Scotland må kvitte seg med mange kyrkjer.

Powered by Labrador CMS