For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

HUSVARM: Sebastian kjenner seg heime i Lilleborg kyrkje i Oslo. Her har han gått på babysong, barnekor og søndagsskule. I fjor blei han konfirmert i ei tilrettelagt gudsteneste.

For Guds rike høyrer også slike til

Frykta for stygge blikk gjer at foreldre vegrar seg for å ta med seg barn med autisme i kyrkja. Men Sebastian og mamma Katja lét seg ikkje stoppe av det.

Publisert Sist oppdatert

«Mmmm, deilig Jesu blod!», ropar Sebastian (15). Det er midt under nattverden. Mor Katja Blixrud Frost ser forsiktig rundt seg i kyrkjebenken. Korleis reagerer folk på utropet frå sonen? Men så senkar skuldrene seg. Folka i Lilleborg kyrkje smiler, dei kjenner Sebastian. Den inderlege og høglytte begeistringa for nattverden blir berre fin. I dag, nokre år seinare, er han like glad i å vere i kyrkja.

Sebastian har autisme, det vil seie at han har ei utviklingsforstyrring som særleg påverkar kommunikasjon og evna til sosialt samspel. Ei fersk, amerikansk undersøking viser at barn med diagnosar som autisme og ADHD sjeldan er i kyrkja. Grunnen er som oftast at det blir ei for stor påkjenning for familien.

Det er ikkje tilfellet for Sebastian, som både er døypt og konfirmert i kyrkja på Torshov i Oslo. Her har han gått på babysong, barnekor og søndagsskule. Han kjenner alle romma ut og inn. Her er han på heimebane.

Powered by Labrador CMS