Foreslår å lovfeste «ja» før sex
Oslo KrFU vil gjere det forbudt å ha sex utan tydeleg samtykke. – Det er to partar som treng rettsvern, meiner fylkesleiar i Vestland.
– I gjennomsnitt får dagleg tre personar i Noreg beskjed om at valdtekssaka deira er lagt til side. Det er grusomt å tenke på, seier nestleiar i Oslo KrFU, Ingvild Halderaker.
Ho har saman med fylkespartiet sitt foreslått at KrFU skal gå inn for ei samtykkelov i Noreg som slår fast at alle partar må seie «ja» før dei har sex.
Forslaget er eit av fleire resolusjonar som kan bli debattert under KrFUs landsmøte som startar i dag.
– Lova er utydeleg
Inspirasjonen for forslaget kom då regjeringa i Danmark i august sa at dei vil innføre ei samtykkelov. I Sverige har dei hatt ei slik lov sidan 2017, og talet på valdtektsdommar har stige med 75 prosent sidan lova tredde i kraft.
– I dag definerer lovverket eit samleie som valdtekt dersom det er brukt tvang, vald eller trugslar, eller personen er ute av stand til å gjere motstand, men det seier ikkje at sex utan samtykke er valdtekt, seier Halderaker og held fram:
– Det er kjent at mange kvinner fryser til eller er redde for å seie i frå. Då må vi sende ut eit tydeleg signal om kva som er greitt og ikkje, for det gjer ikkje lova slik ho er no.
Skeptisk
Fylkesleiar for Vestland KrFU, Joel Ystebø, seier at han i utgangspunktet er positiv til ein debatt rundt lovverket, men at han er skeptisk til om ei samtykkelov er å «dra det for langt».
– Kva er argumenta mot ei samtykkelov?
– Eg stiller spørsmål ved om det er valdtektssaker som ikkje allereie er regulert av lovverket. Det kan det godt hende at det er, men det er viktig at vi ikkje innfører ei lov berre for å gjere det, meiner Ystebø som understrekar at han ser fram til debatten og er open for å støtte forslaget.
– Må gjere noko
KrFU-leiar Edel Marie Haukland seier at ho støttar resolusjonen frå Oslo KrFU.
– Eg meiner det er ei viktig sak, spesielt når så mange saker blir lagt vekk, også saker som kanskje kunne blitt domfelt. Det er veldig alvorleg og noko må absolutt gjerast, seier Haukland.
Ho seier at ho har forståing med dei som er skeptiske til forslaget, men trur at det er mogleg å finne ei løysing.
– Eg trur det er mogleg å både gje ein rettsprosess til alle valdtektsofra, der det er grunn til å tru at samtykke ikkje er blitt gitt, og samstundes sikre rettstryggleiken til dei tiltalte, meiner KrFU-leiaren.
Haukland presiserer at det ikkje er sikkert at resolusjonen vil bli behandla på landsmøtet, men håpar at den i så fall vil bli teke opp igjen ved eit seinare høve.
Unge Høgre skeptiske
Om to veker skal Unge Høgre holde sitt landsmøte. Der er det foreslått ein resolusjon om å seie nei til ei samtykkelov i Noreg.
Sentralstyremedlem i Unge Høgre, Amalie Gunnufsen, seier at partiet ikkje har hatt noko standpunkt om ei slik lov tidlegare, men at mange i partiet er skeptiske.
– Det skjer ikkje valdtekter i dag som ikkje allereie er omfatta av norsk straffelov. Vi tenker at dette er noko folk bør kunne klare å gjere utan ei samtykkelov. Ei lov løyser ikkje utfordringa, nemleg at folk går over grensene, seier sentralstyremedlem i Unge Høgre, Amalie Gunnufsen.
– No har både Danmark og Sverige gått inn for å innføre ei samtykkelov. Er det ikkje på tide å følgje etter nabolanda våre?
– Samtykkelova i Danmark har fått kritikk for å vere for vanskeleg å overhalde og blir dermed eit symbolsk vedtak. Vi meiner at ein heller bør sjå på høgare straffer og meir fokus på grensesetting i seksualundervisninga i skulen, meiner Gunnufsen.
32.200 underskrifter
NRKs dokumentarserie «Innafor» hadde samtykkelov som tema i ei av episodane sine i august. Den skapte sterke reaksjonar, og Amnesty International i Norge oppretta umiddelbart ei underskriftskampanje for ei samtykkelov.
– Vi har no fått inn 32.200 underskrifter. Det er solide tal i Amnesty-samanheng, seier kommunikasjonssjef i Amnesty, Sindre Stranden Tollefsen.
– Merkar de eit auka fokus på denne saka?
– Det er ein ungdomsgenerasjon på veg opp som er veldig opptatt av dette. Det er ofte slik at det er unge som setter det på agendaen, og så kjem foreldregenerasjonen etter.
Tollefsen er ikkje samd i at ei samtykkelov vil vere ein trugsel mot rettsvernet.
– Det vil føre til at fleire saker vil bli etterforska, men krava til bevisførsel vil vere dei same. Det nye vil vere at politiet vil spørje guten om han innhenta samtykke frå jenta før dei hadde sex, seier Tollefsen.