- Fornyinga av bibelspråket kjem frå nynorsk
- Bokmålsbibelen har drege på ein tysk-dansk tradisjon. På nynorsk kunne ein begynne meir på "skratsj".
- Spissformulert kan ein seie at fornyinga av det norske bibelspråket heile tida er komen frå nynorsk, seier Anders Aschim.
Teologen og historikaren har vore sentral i arbeidet med omsetjinga av Bibel 2011. No er han tilsett som professor ved Høgskulen i Volda.
- Poenget er at bokmålsbibelen har drege på ein tysk-dansk tradisjon. På nynorsk kunne ein begynne meir på «skratsj». Ein hadde større fridom, men måtte også ha mykje språkleg kreativitet, seier Aschim.
Filologen som hadde størst innverknad på den første fullstendige omsetjinga av Bibelen til nynorsk som vart fullført i 1921, Alexander Seippel, var oppteken av å vere så folkeleg som råd. Han ville ikkje «skrive ei setning som eg inkje visste eller trudde at ein norsk bonde kunde segja».
På mange måtar kom dette til å prege det nynorske bibelspråket, sjølv om språkføringa var noko strammare då Bibelselskapet gav ut sin første nynorske bibel i 1938.
Ordvalet er noko av det som har vore mest utfordrande å jobbe med fram den nynorske utgåva av Bibel 2011. Ein del former som står i omsetjinga frå 1978, er ikkje lenger levande.
- Nokre menneske synest det skal finnast ein stad i språket for gamle ord som elles ikkje er i bruk, og at Bibelen kan vere ein slik stad. Men for oss som omsetjarar er det viktig at språket er livsnært, seier Aschim.
Her har innspel frå ungdommar vore viktige. Ein har sett tendensar til at nynorsktalande unge heller har valt bokmålsomsetjingar fordi visse ord og vendingar er vanskelege på målforma dei ellers nyttar.
- Det er ikkje heilt fritt for «møde» i den nye bibelen, men det er mykje meir «strev». Og «kveikja» er ofte bytt ut med «tenna», seier han.
* Frykta meir gudløyse med nynorsk i kyrkja
* Nynorsk - eit språk utan framtid?
* Bokmål for materie, nynorsk for ånd
* Bare 4 av 117 nye kristne bøker er på nynorsk
* Vekslar mellom nynorsk og bokmål
* Nynorskbok må godkjennes i Vatikanet
* Språk i norsk kyrkje - ei tidslinje