- Fornyinga av bibelspråket kjem frå nynorsk

- Bokmålsbibelen har drege på ein tysk-dansk tradisjon. På nynorsk kunne ein begynne meir på "skratsj".

Publisert Sist oppdatert

- Spiss­for­mu­lert kan ein seie at for­ny­in­ga av det nors­ke bi­bel­språ­ket heile tida er komen frå ny­norsk, seier An­ders Aschim.

Teo­lo­gen og his­to­ri­ka­ren har vore sen­tral i ar­bei­det med om­set­jin­ga av Bibel 2011. No er han til­sett som pro­fes­sor ved Høg­sku­len i Volda.

- Po­en­get er at bok­måls­bi­be­len har drege på ein tysk-dansk tra­di­sjon. På ny­norsk kunne ein be­gyn­ne meir på «skratsj». Ein hadde stør­re fri­dom, men måtte også ha mykje språk­leg krea­ti­vi­tet, seier Aschim.

Fi­lo­lo­gen som hadde størst inn­verk­nad på den førs­te full­sten­di­ge om­set­jin­ga av Bi­be­len til ny­norsk som vart full­ført i 1921, Alex­an­der Seip­pel, var opp­te­ken av å vere så fol­ke­leg som råd. Han ville ikkje «skri­ve ei set­ning som eg inkje viss­te eller trud­de at ein norsk bonde kunde segja».

På mange måtar kom dette til å prege det ny­nors­ke bi­bel­språ­ket, sjølv om språk­fø­rin­ga var noko stram­ma­re då Bi­bel­sel­ska­pet gav ut sin førs­te ny­nors­ke bibel i 1938.

Ord­va­let er noko av det som har vore mest ut­ford­ran­de å jobbe med fram den ny­nors­ke ut­gå­va av Bibel 2011. Ein del for­mer som står i om­set­jin­ga frå 1978, er ikkje len­ger le­van­de.

- Nokre men­nes­ke sy­nest det skal fin­nast ein stad i språ­ket for gamle ord som elles ikkje er i bruk, og at Bi­be­len kan vere ein slik stad. Men for oss som om­se­tja­rar er det vik­tig at språ­ket er livs­nært, seier Aschim.

Her har inn­spel frå ung­dom­mar vore vik­ti­ge. Ein har sett tenden­sar til at ny­norsk­ta­lan­de unge hel­ler har valt bok­måls­om­se­tjin­gar fordi visse ord og ven­din­gar er vans­ke­le­ge på mål­for­ma dei el­lers nyt­tar.

- Det er ikkje heilt fritt for «møde» i den nye bi­be­len, men det er mykje meir «strev». Og «kvei­kja» er ofte bytt ut med «tenna», seier han.

* Frykta meir gudløyse med nynorsk i kyrkja

* Nynorsk - eit språk utan framtid?

* Bokmål for materie, nynorsk for ånd

* Bare 4 av 117 nye kristne bøker er på nynorsk

* Vekslar mellom nynorsk og bokmål

* Nynorskbok må godkjennes i Vatikanet

* Språk i norsk kyrkje - ei tidslinje

Powered by Labrador CMS