INKLUDERANDE: Den norske nasjonalismen på 17. mai er uttrykk for patriotisme heller enn sjåvinisme, meiner Pål Ketil Botvar.

Forsiktig om tru på 17. mai

Kristne symbol lever vidare på grunnlovsdagen, men i neddempa og allmenn form.

Publisert Sist oppdatert

Uavhengig av personleg tru stemmer mange i bygd og by framleis i «Norske mann i hus og hytte» og «Gud signe vårt dyre fedreland» når det er 17. mai.

– I alle fall før korona, understrekar professor Pål Ketil Botvar ved Universitetet i Agder.

I ein ny forskingsartikkel har han undersøkt mellom anna religiøse innslag og kjenneteikn ved norsk nasjonalisme slik denne kjem til uttrykk på grunnlovsdagen.

Forsiktige prestar

Konklusjonen er at den norske forma for nasjonalisme er mild og at det er små dosar med religion i feiringa.

– Den norske kyrkja har ei viss rolle, men det varierer frå stad til stad, seier Botvar.

Særleg på mindre stader registrerer han at ei gudsteneste kan vere innlemma i feiringa og at presten kan ha ei naturleg rolle som talar.

– Men det er gjerne venta at presten i så fall skal ha ein allmenn bodskap, ikkje for å tale om den kristne nasjonen eller kristen tru, påpeiker Botvar.

GUDSTENESTE: I byane kan kyrkja framleis ha ei synleg rolle på 17. mai, men det er mindre vanleg i byane. Biletet er frå ei utegudsteneste ved Bøler kirke i Oslo for ein del år sidan.

«Civil religion»

Sjølv om fleire av nasjonalsongane nemner Gud og nasjonen, meiner professoren at dei likevel har eit allment og inkluderande preg.

– Det er ikkje heilt eintydig kva gud eller religion det er snakk om, seier han.

Han ser det som uttrykk for det ein på engelsk kallar «civil religion».

– Dei formidlar ikkje noko så tydeleg at dei fleste opplever at dei treng å ta avstand frå det. Eit fleirtal av nordmenn seier at dei er med og syng sjølv om mange av dei oppgir at dei ikkje har gudstru, opplyser han.

PROFESSOR: Pål Ketil Botvar er professor ved Universitetet i Agder.

Inkluderande ­kommunar

Kyrkja har generelt fått ei meir tilbaketrekt rolle. Særleg tydeleg er det i byane, der mangfaldet i både religiøs og etnisk bakgrunn ofte er større.

– Også i byane har ein framleis gudstenester, men det er få som går dit, seier Botvar.

I samband med artikkelen har han fått respons på spørjeskjema frå 205 kultursjefar i norske kommunar. Desse teiknar eit bilete av eit ideal om å feire 17. mai som er mest mogleg inkluderande og skaper minst mogleg friksjon.

– Ingen ønskjer å fremje eigne haldningar framfor dei felles verdiane om fridom og demokrati som dei fleste kan samle seg rundt denne dagen, seier Botvar.

Nøgde innvandrarar

På 1980- og 1990-talet var det meir debatt om kva rolle innvandrarar burde ha på 17. mai, mellom anna bruk av andre nasjonaldrakter.

– No er det lite igjen av dette. Mange innvandrarar omtalar 17. mai som ein av dei beste dagane i året fordi nordmenn verkar meir inkluderande då enn dei kan gjere elles, påpeikar Botvar.

Han ser dette i samanheng med ei lang utvikling der 17. mai har innlemma stadig fleire grupper.

– Det er ein viktig dag også for mange som slit på forskjellige måtar. Nokre av skilnadene vert utviska denne dagen, seier han.

UNNTAK: I fjor køyrde kong Harald rundt i open bil for å helse folket sidan det meste av den tradisjonelle feiringa var avlyst på grunn av korona.

Forskjellig ­nasjonalisme

Nasjonalisme er blitt eit omdiskutert omgrep, ikkje minst i Europa. Botvar meiner det er nyttig å skilje mellom tre forskjellige former.

Patriotane som er stolte av landet sitt.

Sjåvinistane er ikkje berre stolte, men meiner alle andre skulle ha vore som oss.

Dei framandfiendtlege meiner at Noreg er for nordmenn og nasjonaldagen for dei etnisk norske.

–Eg finn ein positiv samanheng mellom det å vere stolt av nasjonen Noreg og å delta på 17. mai-feiringa, mens det er ein negativ samanheng mellom det å vere framandfiendtleg og slutte opp om dagen, seier han.

Eit mindretal på ti prosent meiner at innvandrarar ikkje bør delta på 17. mai-feiringa. 80 prosent meiner det er viktig at dei er med.

Samanlikna med 1990-åra har det i dag blitt stadig færre som meiner at innvandrarar og nasjonale symbol ikkje høyrer saman.

Forsking på 17. mai

I ein fersk artikkel i det digitale tidsskriftet Religions drøftar professor Pål Ketil Botvar erfaringar og innsikter frå fleire undersøkingar og studiar om den norske grunnlovsdagen.

Botvar går gjennom ein dansk og to svenske studiar av den norske nasjonaldagen i artikkelen sin. Den første er frå 1990-åra og dei to siste frå tida etter 2010.

Siktemålet hans er å få fram sentrale kjenneteikn og utviklingstrekk i korleis nordmenn feirar Noreg.

Powered by Labrador CMS