BISKOP: St. Nikolas er portrettert eit utal gonger, her som statue i Demre, der forskarar no er på jakt etter grava hans.
Wikimedia Commons
Forskarar hevdar dei er på sporet av grava til den første julenissen
Men er grava tom? Og blei ikkje skjelettet stole for over tusen år sidan?
Arkeologar meiner dei har funne grava til Heilage Nikolas, best kjend som inspirasjonskjelde til Santa Claus eller julenissen.
Han døydde for snart 1700 år sidan.
Grava skal liggje under ei kyrkje i den tyrkiske byen Demre, ikkje langt frå Patara, der Nikolas vart fødd.