Forstår vi kva vi seier?
Språk er identitet. For nokre av oss er språk også ei interesse og eit levebrød, men for alle er språk nødvendig for å fungere i familie, arbeid og fritid.
Ein samfunnsborgar utan språk, er ein handlingslamma samfunnsborgar. Gjennom språket kan vi forstå og gjere oss forstått, utløyse handlingar og forme haldningar.
Språket er levande, i stadig endring. Det er ei utfordring å henge med slik at vi forstår nye ord og uttrykk som veks fram. Men språket har også røter. Desse er ikkje viktige berre for dei som er lidenskapeleg interesserte i gloser og grammatikk. Tvert om treng vi alle å skjøne kva orda og uttrykka våre betyr for å bruke dei på ein meiningsfull måte.
I protestantiske land står Bibelen i særklasse som leverandør av faste omgrep og seiemåtar. Det har truleg samanheng med at reformatorane la stor vekt på at folk flest skulle lese Bibelen. Motivasjonen var å nære kristen tru og kristent liv, men det hadde også ein kulturell effekt. Judas, uriaspost og ramaskrik er døme på bibelske uttrykk som er innarbeidde i det norske språket. Men skal vi forstå kva uttrykka rommar, må vi kjenne samanhengen dei kjem frå.
I saka om bibelske ord og uttrykk presenterer vi nokre av dei mange bibelske orda og uttrykka Sylfest Lomheim har samla til boka «Adam og Eros. Ord og uttrykk i bibel og mytologi», som han har gitt ut saman med Terje Nordby. Lomheim omtalar gresk mytologi og dei bibelske førestillingane som dei to rikaste kjeldene for språk og førestillingar i heile Europa.
Frå eit kristent synspunkt er framleis det viktigaste med å kjenne Bibelen at mennesket der finn sanninga om Gud, verda og seg sjølv. Men uavhengig av livssyn er bibelsk kunnskap viktig for å vite kvar ein kjem frå - og mykje av daglegspråk og forskjellig slags litteratur heilt opp til vår tid.
Knapt kan det seiast klarare enn det er gjort av den britiske biologiprofessoren og erkeateisten Richard Dawkins:
«Ein som har engelsk som morsmål og ikkje har lese eit einaste ord av King James-bibelen, er på grensa til å vere barbar,» skreiv han i The Guardian i fjor.
DAGEN