MISJONSMARK: Jan Løkkeborg ser utfordringar med teologisk sprik i Den norske kyrkja, men opplever prestegjerninga som ei misjonsteneste. Foto: Tore Hjalmar Sævik

Frå bilmekanikar til sokneprest

I årevis køyrde Jan Løkkeborg til Skodje for å ta på seg kjeledress. No gjer han det for å ta på seg prestekjole.

Publisert Sist oppdatert

Den nytilsette soknepresten står utanfor kyrkja på Skodje. Ho ligg på ei høgde med utsikt over sunnmørsbygda, fjorden og fjella rundt.

– Det er vel få som har fått eit så raskt opprykk, seier Løkkeborg med eit smil.

I botnen er han bilmekanikar.

– Det er det eg har papir på, seier han.

Men han har også teke teologiske studiepoeng ved Høgskulen i Volda, Høyskolen for Ledelse og Teologi og Institutt for Sjelesorg ved Modum Bad.

Såg opning

Arbeidslivet gjekk heller ikkje strake vegen frå bilverkstaden til preikestolen. I mange år var han tilsett i Indremisjonsforbundet og seinare pastor og tilsynsmann i Den Evangelisk-Lutherske Frikyrkja. I periodar jobba han både som mekanikar og forkynnar.

Då han kjende behov for eit skifte i arbeidsstad, og det ikkje var aktuelt å flytte frå Emblem i Ålesund, oppdaga han at det var lyst ut stilling som prostiprest i Møre bispedøme.

– Eg tenkte det kanskje kunne vere ei opning i ei slik stilling sjølv om eg ikkje har teologisk embetseksamen, forklarer Løkkeborg.

Prosten gav positiv respons. Løkkeborg starta han i jobben i 2019.

«Profetvegen»

Etter eit års tid i denne stillinga, vart det utlyst stilling som sokneprest i Skodje. Biskop Ingeborg S. Midttømme tok litt tenkjetid, men valde å leggje vekt på ordinasjonen frå Frikyrkja.

– Løkkeborg har over tid vore prestevikar i Møre. Bakgrunnen hans frå Frikyrkja er veldig verdifull, skriv Midttømme i ein epost.

Ho sende saka til Kyrkjerådets evalueringsnemnd. Denne kan godkjenne personar til presteteneste som manglar embetseksamen i teologi.

Søkjarar kan verte godkjende enten dersom dei har kompetanse tilsvarande cand.theol.-grad eller på søknad frå biskop om fritak frå dette kravet. Eit utval vil gjere denne «profetvegen» til prestetenesta smalare, men det er biskopane imot, melde Vårt Land før jul.

– Evalueringsnamnda i Den norske kyrkja har i mange år gjort eit viktig arbeid med å vurdere både realkompetanse og formalkometanse hos vaksne som har eit kall til presteteneste. Det er ulike grunna rtil at desse kandidatane valde ei anna utdanning då dei var unge. Erfaringa deira er så langt et kan sjå noko som gjer kyrkjelydane rikare, seier Midttømme.

– Har du innsett andre med samanliknbar bakgrunn som prest? Kjenner du til at andre biskopar har gjort det?

– Nei, svarer Midttømme.

Gode erfaringar

Ein oversikt frå nemnda for kvart år tilbake til år 2000 viser at det i 2020 var rekordmange slike som vart godkjende for presteteneste. Løkkeborg var ein av 27.

– Det er vesentleg at majoriteten av prestar har ei omfattande teologisk utdanning. Erfaringane frå venskapsbispedømet vårt i Church of England er at ei anna yrkeserfaring med ei kortare teologisk utdanning i tillegg både fungerer svært godt og er til velsigning for kyrkja, seier biskopen.

Større fridom

Med lang fartstid i bedehus- og frikyrkjeliv var det alt anna enn opplagt for Løkkeborg at han skulle hamne i ei slik stilling.

– Det vanskelegaste i Den norske kyrkja er at eg opplever veldig stor spennvidde i teologisk profil. I Frikyrkja er denne meir samla. For det andre er det mange forodningar og reglar. Fridomen særleg i gudstenestene er mindre enn eg har vore van med, oppsummerer han.

På den andre sida opplever han at folkekyrkja har ei kontaktflate mot eit breiare lag av befolkninga, særleg med tanke på kyrkjelege handlingar.

– Problemet er at vi sjeldan ser folk igjen. Det undrar meg at kyrkja ikkje tek dette på endå større alvor, seier han.

Få under 40

Løkkeborg konstaterer at gjennomsnittsalderen er relativt høg for kjernen i dei fleste kyrkjelydane i Den norske kyrkja i traktene rundt Ålesund. Sjølv i Skodje, som er blitt ei «drabantbygd» med mange barnefamiliar, er det få under 40 eller 50 år som kjem til gudsteneste utan at det er dåp eller liknande.

– Det liturgiske språket er ei utfordring. Dei som kjem til dåpssamtalar, har ofte ikkje høyrt om det teologiske innhaldet i dåpen. Det handlar mykje om livsriter som er viktige. Vi har ikkje klart å uttrykkje det slik at dei heng med. Men det trur eg er mogleg å få til, seier han.

Tenkjer nytt

Sjølv om Løkkeborg synest det teologiske spriket i Den norske kyrkja er ei utfordring, tenkjer han først om fremst om seg sjølv som ein lokal kyrkjelydsbyggjar.

– Eg møter meg sjølv litt i døra. Som ung medarbeidar i Indremisjonsforbundet kunne eg tenkje at det var kjekt om presten var kristen, men det kunne ein ikkje heilt forvente. No er eg altså tilbake. Men eg tenkjer på det som ei plattform for å drive misjon og formidling, seier han.

Den nytilsette soknepresten påpeikar at heller ikkje frikyrkjelydane er fritekne frå utfordringar med å rekruttere nye generasjonar. Til dømes er fleire frikyrkjelydar i Ålesund sentrum svært små eller heilt borte.

– Ein fordel med Den norske kyrkja er at ho ikkje endrar seg heile tida. Det negative er at det er vanskeleg å få heiarop om ein vil prøve å få til noko nytt, seier Løkkeborg.

Jan Løkkeborg

Fødd 1966.

Kjem frå Langevåg på Sunnmøre.

Tidlegare forkynnar, ungdomssekretær og forsamlingsleiar i Indremisjonsforbundet.

Har også vore pastor i Sula Frikyrkje og Herøy Frikyrkje.

Powered by Labrador CMS