Frå klasserommet skulle Noreg kristnast på nytt
Ein boks med kjærleiksbrev mellom besteforeldra fekk Alf Gunnar Eritsland til å ta doktorgrad om kristne lærarskular. Litteraturhuset var sjølve høgborga.
Eit par steinkast frå Slottet ligg Litteraturhuset i Oslo. I dag er det ein av dei viktigaste møtestadene i landet for samtalar om kulturelle spørsmål. Mindre kjent er det at dette i si tid var reist som Oslo lærerskole – eigd av Indremisjonsselskapet.
– Det er den beste tomta i Oslo, seier Alf Gunnar Eritsland.
For hans del har huset også ei personleg side: Her tok han på 1970-talet for første gong plass bak kateteret for å undervise lærarstudentar. Det arbeidet heldt han fram med heilt til han vart pensjonist for eit par år sidan.
Tre kristne lærarskular
Framleis heng det ei framside frå indremisjonsbladet «For fattig og rik» i trappa som går ned til kjellaren i Litteraturhuset. Der er ein gledesstråalande biskop Johan Lunde intervjua om den kristne lærarskulen som vart reist i 1912.
Nøyaktig 100 år seinare fekk Eritsland ein boks med brev som førte til at han fordjupa seg i denne tematikken. Dei 225 breva var skrivne mellom mormora og morfaren hans.
– Dei var nyutdanna frå Volda lærarskule, fortel han.
Dette var den andre av lærarskulane i Noreg som vart starta med eit kristent føremål. Den tredje og siste var på Notodden.
Oppdrag frå Gud
Då han hadde fått breva, gjekk det opp for Eritsland at han hadde eit spennande forskingsmateriale. Det førte til doktorgradsavhandling om kristen lærarutdanning, fullført i 2020. Og året etter kom boka «Ei ønskje med brev» om kontakten mellom besteforeldra.
Begge opplevde å ha eit lærarkall.
– Kva la ein i lærarkallet?
– Ein la noko meir i det enn i dag. Det var rett og slett eit oppdrag frå Gud. Ein lærar var i utgangspunktet ein kristendomsopplærar, på vegner av kyrkja og kongen. Konfirmasjonen var eksamen for livet, ikkje berre i kyrkja, men samfunnet elles. Var du ikkje konfirmert, hadde du ikkje borgarlege rettar.
– Eit åndeleg element
«Eg er ikkje berre ein talemaskin», sa bestemor til Eritsland om oppgåva som lærar. Omine Marie (Mimmi) og og ektemannen Ola Vorraa var lærarar på Karmøy i Rogaland.
Begge opplevde at det var lettare å leve ut kallet då dei i den tidlege fasen var lærarar på Vea vest på øya enn då dei seinare gjekk over til den nybygde og store skulen i Kopervik på austsida. I mellomtida hadde også det kulturelle og politiske klimaet endra seg.
– Forståinga deira av lærarkallet handla ikkje berre om materiell kunnskap, men eit åndeleg element, oppsummerer Eritsland.
– Var det vekkingskristendommen som førte dei inn i lærargjerninga?
– Ja, deira identitet var knytt til vekkinga totalt. Det var det viktigaste i deira liv, seier han.
Oppbacking og refs
I lesinga av breva synest Eritsland det er fascinerande å merke korleis begge innforstått skriv om korleis det kristne livssynet skal kome til uttrykk i skulen.
– Dei tek for gitt at den andre veit korleis dette er.
Han minner om at det dreiar seg om kjærleiksbrev som ikkje er meint for offentleg lesing. Likevel er vekkinga den sterkaste fellesnemnaren.
– Dei fortel om vekkingsmøte dei har vore på, gir kvarandre oppbacking eller refs, og minner om sider ved trua som er viktige.
Måtte slutte i naudstid
Mest dramatisk kjem dette til uttrykk når Mimmi ligg på sjukehus i Bergen og skal føde.
– Ho ligg der i fem veker, held på å døy og har blødningar. Barnet var det fjerde ho fødde, og levde berre i tre veker. Ho er full av fortviling og vender seg til både Gud og til mannen, er så langt nede at ho oppgir livet, og legg alt i Guds hender. Det er tydeleg at trua er veldig integrert både hos Mimmi og Ola.
Begge vart smitta under spanskesjuka som slo hardt ut mange stader då ho råka rett etter første verdskrigen var slutt i 1918. I Kopervik døydde 74 unge i ei befolkning på rundt tusen, ifølgje Eritsland.
Då nedgangstidene slo inn på 1920-talet, måtte bestemora ut av arbeid. Dei som var gifte, hadde ikkje rett på to inntekter.
Bad med lukka auge
Trua var på ingen måte ei rein privatsak, men følgde med i familien og i arbeidet. Eit minne om bestefaren som Eritsland har fått høyre frå ein som hadde han som lærar, var at han bad i klasserommet med hendene for ansiktet.
Dette er ein måte å be på som det var tradisjon for i vekkingsmiljø i Ryfylke.
– Det ville ikkje vore mogleg i mi tid. Sjølv om det framleis var andakt då, var det meir mekanisk, seier Eritsland om si eiga tid som barneskuleelev på Bryne på 1950-talet.
Mot slutten av yrkeslivet verka det som bestefaren kjende seg meir einsam.
– Han formidla at han var sliten, fortel Eritsland.
Reaksjon på moderniteten
Men om perioden med kristen lærarutdanning i regi av kristne organisasjonar hadde vore ein parantes, var det dimensjonar over satsinga:
Først ute var lærarutdanninga i Volda. Initiativet kom frå Henrik Kaarstad, som var ein profilert leiar i det som no er Norsk Luthersk Misjonssamband.
– Lærarskulane var ein reaksjon frå vekkingsrørsla på moderniteten. Dei var urolege for at kristendomsfaget skulle miste sin plass og si kraft i skulen og verte erstatta med rasjonalitet.
Eritsland påpeikar at læraren møtte borna kvar dag, medan presten berre trefte dei fleste ein gong i veka, og knapt nok det.
Staten tok over
I 1912 gjekk den leiande kristenhøvdingen i Noreg tidleg på 1900-talet, professor Ole Hallesby, i bresjen for ein ambisiøs strategi for kristen lærarutdanning. Han ville ha ein i kvart av dei då ni bispedøma. Indremisjonsselskapet, som no er ein del av Normisjon, skulle stå i front for initiativet.
– Kva vart det av dette?
– Den kristne lærarskulen i Volda vart selt til staten i 1923, lærarskulen på Notodden vart lagd ned i 1938, og den i Oslo vart overteken av staten i 1946. Samstundes hadde dei sin misjon i ei forsterking av det kristne elementet i lærarrolla, seier Eritsland.
I ettertid synest han ambisjonane for kristen lærarutdanning framstår noko urealistiske, men han påpeikar likevel at ein oppnådde mykje.
– På eit tidspunkt gjekk nesten 50 prosent av alle lærarstudentar ved desse tre skulane, seier han.
Sjølv om skulane skulle ha eit tydeleg kristent preg, la ein også stor vekt på at personalet skulle ha stor fagleg tyngde. Eritsland trur det dermed låg ei innebygd ei potensiell spenning mellom vekkingsrørslene som starta skulane og personalet dei såg etter.
Meir politisk motbør
Politisk motbør mot initiativet kom for alvor på 1930-talet då Arbeidarpartiet kom i regjering.
– Lærarrolla kunne seiast å ha forkynnande element fram til denne tida. Men dette fekk klar motbør med den nye skulelova av 1936 og Normalplanen av 1939, seier forskaren.
Tradisjonen med at kristendomsundervisninga skulle fungere som førebuing til konfirmasjonen, vart broten allereie i 1889. Men frå 1930-talet vart det endå tydelegare at det politiske fleirtalet ville at klasserommet ikkje skulle vere arena for forkynning. Dette ville ein overlate til kyrkje og bedehus.
På grunn andre verdskrigen og utfordringar som følgde i kjølvatnet av denne, tok prosessen meir tid. Først i 1969 vart det klargjort at kristendomsundervisninga ikkje skulle vere forkynnande.
– Andakten levde likevel vidare som forkynnande element, i nokre skular heilt fram til 1990-talet, påpeikar Eritsland.
Aktuelle erfaringar
Lærarutdanning med kristent verdigrunnlag dukka opp igjen frå 1996, no i regi av NLA Høgskolen i Bergen og seinare i Oslo.
– Er historia om kristen lærarutdanning aktuell i dagens situasjon?
– Ja, det synest eg. Det er mykje diskusjon om religionens plass i skulen og privatskular på religiøst grunnlag, seier han.
I slike samtalar synest han det er mykje å hente i erfaringar frå den perioden han har arbeidd med.
– Eg dreg ikkje nokon eintydig konklusjon, men det er interessant å lære av motsetnadene og konfliktflatene som ligg i prosjektet med religiøs bevisstgjering. Det same gjeld forståinga av toleranse kontra forkynnande element i lærarutdanninga, seier han.