NY PRESIDENT: Her er USAs president Joe Biden saman med visepresident Kamala Harris. Foto. Anna Moneymaker / EPA / POOL / NTB

Frå Kyros til Jesabel

Samanlikning mellom bibelske personar og presidentembetet i USA held fram etter at Donald Trump er gått av.

Publisert Sist oppdatert

Når Donald Trumps flyttelass er trilla ut av Det kvite hus, og Joe Bidens trilla inn, er eit nytt kapittel starta i amerikansk politisk historie.

Einskilde kristne leiarar vil seie at ein har flytta seg mellom to kapittel i Det gamle testamentet, frå Jesaja 45 til Første kongebok 16.

Det førstnemnde handlar om persarkongen Kyros, som trass i at han var ein heidning, let israelsfolket kome tilbake til det lova landet og gjenoppbyggje tempelet i Jerusalem. For somme var det eit poeng at Trump var den 45. presidenten i USA.

Frå Det gamle testamentet

Det andre kapittelet fortel om Jesabel, dronninga som var «makta bak trona», og som seinare vart identifisert med falske profetar og tvilsame kvinner. Namnet kjem igjen også i Openberringsboka i Det nye testamentet.

Den populære karismatiske forkynnaren Lance Wallnau er ein av fleire som har hevda at visepresident Kamala Harris har ei «Jesabel-ånd».

Det er ikkje berre karismatikarar som tenkjer langs desse linjene.

– No kjem vi til å ha ein nyvald kognitivt dysfunksjonell president. Og kva om noko skjer med han? Då må Jesabel ta over. Jesabel Harris, er ikkje det namnet hennar, sa baptistpastor Steve Swofford i Texas i eit preikeopptak som sirkulerer på Twitter.

Skulda for blasfemi

Den verdskjende pastoren, bibellæraren og forfattaren John MacArthur (81) i Crace Community Church i California er heller ikkje nokon karismatikar.

Han brukar ikkje dei same bibelske personane som referanse, men åtvara frå talarstolen Biden mot konsekvensane ved å la seg innsetje i embetet med handa på familiebibelen samstundes som han gjer «akkurat dei tinga som vanærar (Guds) namn», ifølgje Premier Christian News. MacArthur forstår Bibelen som Guds trone.

– Ikkje fortel meg at du forsvarer å slakte babyar i magen, sa MacArthur om Bidens abortpolitikk.

Han tok også oppgjer med Bidens standpunkt om kjønnsidentitet, islam og innvandring.

– Ikkje fortel meg at du vil øydeleggje maskulinitet, feminitet, ekteskap. Ikkje fortel meg at du vil fylle verda med LHBTQ-folk i leiarposisjonar, at du vil rettferdiggjere transaktivitet. Ikkje fortel meg at du vil invitere fleire muslimar som representerer ein religion frå helvete og så leggje handa di på Guds trone, sa MacArthur.

KRITIKK: Somme kristne Trump-støttespelarar tek i bruk sterke bilete når dei åtvarar mot visepresident Kamala Harris. Her er ho fotografert saman med ektemannen Doug Emhoff.

Transideologi

I løpet av den første dryge veka som president har Biden reversert fleire viktige symbolske sigrar for kristne Trump-støttespelarar. Han signerte ein presidentordre for å kjempe mot «diskriminering på grunnlag av kjønnsidentitet og seksuell orientering», og han har også opna for at transpersonar kan gjere teneste i militæret.

På desse områda har representantar for det kristne høgre vore nøgde med at Trump bremsa ein progressiv politikk. Samstundes er det skjedd store endringar i opinionen.

Sju av ti amerikanarar støttar likekjønna ekteskapslov og at transpersonar kan gjere militærteneste, medan åtte av ti støttar lover mot diskriminering av LHBT-personar, ifølgje ei fersk undersøking frå Public Religion and Research Institute.

Abortfinansiering

På 48-årsdagen for høgsterettsdommen som opna for rett til abort i alle delstatar i USA førre fredag, gjekk president Joe Biden og visepresident Kamala Harris også ut og forsvarte denne dommen.

Både ho og Biden meiner denne dommen bør bli gjort til lov. Dei har også på nytt opna for at organisasjonar som fremjer og utfører abort internasjonalt, igjen kan få finansiering frå amerikanske styresmakter.

– Radikalisering

Fleire teologisk og politisk konservative kristne leiarar åtvarar sterkt mot at Biden-administrasjonen vil stå for ein radikal politikk som vil føre til forfølgjing.

– President Biden er fast bestemt på at kjennemerket ved administrasjonen hans vil vere å rive ned tusenvis av år med menneskeleg historie, moral, vitskap og kjønnsnormer, skriv Tony Perkins i lobbyorganisasjonen Family Research Council.

Evangelist Franklin Graham har også uttalt at landet kjem til å «gå gjennom ein svært mørk periode».

Religionskommentator Jonathan Merritt meiner på si side at evangelikale burde vere tilfredse politikken Biden har skissert for innvandringsreform, flyktningar, klima og betalt foreldrepermisjon. Men Merritt meiner dei konservative Biden-kritikarane har plassert seg tungt på høgresida politisk og har økonomisk interesse av å halde konflikten ved like.

«På den måten minner dei alle oss som ser på, at det er dei som er dei verkeleg radikale», skriv Merritt i ein kommentar for Religion News Service.

Powered by Labrador CMS