Framleis ikkje ferdige med kristninga
Bømlo er rekna som staden der kristendommen kom til Noreg. Over tusen år seinare blir bodskapen om Jesus formidla på stadig nye måtar.
«To God be the Glory!»
Tonane frå eit gospelkor med band rausar ut idet døra glir opp i Bremnes kyrkje. Denne veka har det vore markert 150-årsjubileum i den vakre trekyrkja i kommunesenteret på Bømlo, ein øykommune halvannan time med bil sørover frå Bergen.
– Det er fire-fem år sidan vi starta gospelkoret, seier initiativtakar Laila Hansen Røksund ute i våpenhuset medan songen bølgjar mot det kremfarga taket inne i kyrkjeskipet.
– Eg tenkte det kunne bli tolv-femten som kom, men på første øving kom det 70 personar, fortel ho.
Til dagleg jobbar ho som kyrkjelydspedagog. Det gjer også Liv Merete Fylkesnes Pedersen som er med i koret.
– Det er folk frå alle kyrkjelydar, frikyrkjelydar og folk som ikkje er aktive i ei forsamling, seier Pedersen.
Begge er oppvaksne på bedehus på Bømlo.
– Vi treivst med bedehuset, men såg at vi har vakse opp i ei boble, seier Røksund. Ho opplever at engasjement i kyrkja gir ei anna konfaktflate til folk flest.
Kristningsforsøk
I samband med at Dagen fyller 100 år, er vi på jubileumsturné. Vi måtte nesten starte på Bømlo. Her ligg kyrkjer, bedehus og frikyrkjelydar tett.
Den eldste kyrkja er frå 1100-talet og ligg naturleg nok i den vesle tettstaden Mosterhamn. Det var nettopp hit Olav Tryggvason kom frå England i 995. Han ville gjere krav på kongsarven og var den første kongen som gjorde eit alvorleg forsøk på å kristne Noreg. Han hadde med seg prestar og let syngje messe i telta på land. Sidan vart det reist kyrkje på staden.
I 1024 kom Olav Haraldsson, kjend som «den heilage», til Mosterhamn og innførte den eldste kristenretten i Noreg saman med biskop Grimkjell.
Kvart år vert hendingane minna i Mostraspelet. Men om den kristne tradisjonen er lang og sterk, er han ikkje sjølvsagd her heller.
Mister ungdommar
Ein bratt og sleip sti slyngar seg opp frå den gamle kyrkja i Mosterhamn til ein steinkross som er sett opp på ein ås rett ved kyrkja. Sokneprest Aksel Lygre viser veg opp.
– Mange ungdommar forsvinn ut av kristent arbeid, og så er det ikkje lett å få dei tilbake, seier Lygre medan han ser ut over sjø, øyar og holmar.
– Om det er slik at desse ungdommane mister trua, vil eg ikkje påstå. Men i alle fall finn dei ikkje vegen inn i det kristne fellesskapet slik vi ønskjer, seier han.
Kristent samspel
Soknepresten har vore misjonær i Brasil, prest i Oslo og forsamlingsleiar på Leirvik bedehus på naboøya Stord.
– Kva gjer vi for å halde på ungdommen? Då trur eg ikkje det hjelper berre med kule opplegg. Det er noko som må skje på innsida - som gjeld Guds nåde og kva som er sanninga, seier Lygre.
På Bømlo er det sterk tradisjon for tette relasjonar mellom kyrkje og bedehus, men endringar i både samfunnsliv og trusliv utfordrar denne situasjonen.
– På ein måte gjer indremisjonsarbeidet og kyrkjearbeidet kvarandre godt. Vi kan spele kvarandre gode. Samstundes er det ikkje så enkelt overfor ungdom som blir borte, når det er to stader sin skal trekkje dei imot, seier han.
Slik sett ser han positive trekk ved at det vert bygde sjølvstendige forsamlingar på bedehuset. Han legg heller ikkje skjul på at teologiske utviklingstrekk kan spele inn.
– Når kyrkja frå sentralt hald innfører til dømes samkjønna vigsel, er det sterke reaksjonar. Nokre melder seg ut, men ikkje mange. Eg trur at vi lokalt har klart å markere at vi er trygge på kvarandre. Folk veit kvar dei har meg, og eg veit kvar eg har dei, seier Lygre.
Sola skin gjennom ei blå opning på himmelen som elles er dekt av trugande blå skyer.
Presten fortel at han gjerne går på møte i bedehuset og også tek imot nattverd der.
– Embetsteologien som avviser at lekfolk kan forrette nattverd, har eg aldri forstått, seier han på veg ned stien mot gamlekyrkja igjen.
Fullt hus med ungdom
Lygre set seg i bilen og viser Dagen veg gjennom det småkuperte og graskledde landskapet til Sion, der Den Frie Evangeliske Forsamling i Mosterhamn held til. Dette var forløparen til Pinserørsla i Noreg og etablerte seg i bygda allereie i 1897.
– Det er fint å ha Aksel iblant oss, seier Anfinn Tolås i leiarrådet medan han trykkjer soknepresten varmt i neven på parkeringsplassen utanfor Sion.
Opp gjennom historia har det vore spenningar mellom karismatikarar på den eine sida og kyrkje- og bedehusfolk på den andre. Det var heller ikkje friksjonsfritt mellom dei frikyrkjelege i Mosterhamn heller, etter at pinseforsamlinga Betania vart etablert. Men i dag er sameksistensen fredeleg.
Frie vener og kyrkje- og bedehusfolk feirar mellom anna 17. mai saman.
– Vi har eit glimrande samarbeid. Det er positivt for forsamlinga og for bygda, seier Tolås som inviterer inn på pizzabollar og brus i kjellaren og Sion. Der ventar Kjersti Skimmeland, som også sit i leiarrådet.
I dag er lokalet tomt, men på fredagskveldane er det fullt hus med opp mot 120 born og ungdommar. Uavhengig av kva forsamling unge i Mosterhamn høyrer til, er det her dei fleste samlast.
– Å ha eit rikt barne- og ungdomsarbeid er det viktigaste for oss, seier Tolås.
Knytte til Salt
Forsamlinga har valt å verte med i nettverket til Salt, som har hovudforsamlinga si i Bergen.
Tolås fortel at det er ei utfordring at mange unge reiser bort for å gå på vidaregåande skule eller studere.
– Men vi synest det er flott når vi ser igjen våre ungdommar som leiarar i Salt, i IMI kirken i Stavanger eller i Storsalen i Oslo, seier han.
– Trur du det er lettare å forkynne evangeliet her, med så sterke kristne tradisjonar, enn andre stader?
– Eg trur dei fleste her har ei bestemor, ei tante eller ein onkel som er tydelege kristne. Men vi merkar at vi blir meir like samfunnet elles, seier Tolås.
– Det har litt med utviklinga i skulen å gjere. Dei lærer ikkje lenger så mykje om kristen tru der, skyt Skimmeland inn.
Ho er oppvaksen i nabohuset til Sion og har vore engasjert i forsamlinga heile livet. No har ho spesielt ansvar for dei godt vaksne.
– Vi prøver å ta vare på menneske i alle livsfasar. Ein pensjonerer seg lett i Guds rike, seier ho.
Med både møte og meir allmenne kulturelle samlingar ønskjer dei å bety noko for dei i bygda som har levd ei stund.
– Misjon er ei anna viktig sak for oss, seier Tolås.
Ekteparet Inga og Roald Lidal har vore utsende frå Sion Mosterhamn til Japan i over 40 og leia verdas største bibeltrykkeri.
Bygde nytt bedehus
Eit par kilometer unna Sion let Toralf Steinsland opp døra på bedehuset Salem. Det ligg like ved barne- og ungdomsskulen og må ha ein av dei største parkeringsplassane i Kristen-Noreg.
– Vi begynte å snakke om å utvide det gamle bedehuset, men vart ganske snart samde om å byggje nytt. Så farta vi litt rundt og kika på nye bedehus i Rogaland, fortel han, etter å ha vist rundt i forsamlingslokalet oppe og barne- og ungdomsavdelinga nede.
Huset var ferdig i 2012. Budsjettet var på 22 millioner kroner, inkludert verdien på dugnadsinnsatsen. På sju år er gjelda krympa frå 17 millionar til tre millionar.
– Vi opplevde også ei åndeleg fornying i byggjeperioden, fortel Steinsland. Han opplyser at fleire unge familiar har funne sin plass i forsamlinga.
Samling og sprik
Den røynde forkynnaren har i mange år jobba i misjonen, men no er han pensjonist. Han er oppvaksen i Mosterhamn.
– Det var mykje meir skilje mellom forsamlingande då eg vaks opp. Då var det ingen som gjekk over grensene til kvarandre, seier han.
I dag opplever han større grad av samhald mellom kristne på tvers av kyrkjesamfunn. Samstundes ser han nye utfordringar med at identiteten kan bli meir uklar.
– Før var kristenfolket i mykje større grad samde om det meste. I dag sprikar det i alle retningar, seier han.
Forsamlinga har begynt med møte søndag føremiddag, men berre dei søndagane det ikkje er gudsteneste i kyrkja. Men Steinsland registrerer at det stort sett er dei eldre i forsamlinga som går til gudstenester i kyrkja.
– Dei fleste unge vil vere med éin stad, seier han.
Spent på utviklinga
Berre eit kvartes køyretur unna ligg eit anna bedehus som heiter Salem. Det ligg på Laurhammar, rett i utkanten av kommunesenteret Bremnes. Fem av eldsjelene der er samla i kjellaren. Også i denne forsamlinga er møta koordinerte med gudstenestene i kyrkja, men det helst dei som har levd ei stund som går begge stadene.
– Relasjonen til kyrkja er jo eit tema som kjem opp til diskusjon, seier styreleiar Lars Jarle Aga i Laurhammer indremisjon.
John Morten Espevik påpekar at somme vil hegne om relasjonen til kyrkja.
– Dei seier at vi har så gode prestar. Og er eg heilt samd i, dei er fantastisk flinke, seier Espevik.
Men han trur det er grunn til å rekne med at det etter kvart vil kome prestar som står på ei anna teologisk linje enn den dei som bedehusfolk kan gå god for.
– Det kjem truleg i løpet av fem år, seier han.
Andakt i byggjefirma
Framleis opplever indremisjonsfolket på Laurhammer at dei kan samle mykje folk til basar, julemesser og fest for konfirmantar i etterkant av overhøyringsgudstenesta.
– Eg er oppteken av at vi må få opp bedehusdørene og kome oss litt ut, at vi fungerer som kristne på jobb og ute mellom andre, seier John Morten Espevik.
Han er dagleg leiar i eit byggfima der dei startar kvar måndag med andakt og bøn - sjølv om ikkje alle er vedkjennande kristne.
– Det er frivillig å vere med, men alle deltek, seier han. Dei har også hatt firmaturar med bibelsmugling i Kina og for å ruste opp ein barneheim i Bolivia.
– For tida har vi ikkje eige ungdomsarbeid, men det er berre ti minutt å køyre til bedehuset på Gilje der dei har det, seier Aga.
Og på vegen dit passerer ein både Bremnes kyrkje og pinseforsamlinga Klippen. Slik er den religiøse geografien på Bømlo. Etter over tusen år pågår kristninga framleis.