Frelsesarmeen: Frelsesarmeen i Tromsø fekk først ikkje vere med på julegrantenninga i byen, no har arrangøren snudd.
Kristianne Marøy/Frelsesarmeen
Frelsesarmeen fekk ikkje halde appell på julegrantenning – no snur arrangøren
Fredag vart det klart at Frelsesarmeen ikkje lenger fekk halde sin tradisjonelle appell på julegrantenninga i Tromsø. Det konservative samlivssynet deira kunne verke ekskluderande.
Måndag møtte dei arrangøren, og kom fram til ei løysing.
– Eg vart lei meg og tenkte det var eit tap for både julegrantenninga og Frelsesarmeen at vi ikkje skulle få vere med, men no har det løyst seg, seier leiaren av Frelsesarmeen i Tromsø, Ida Amelie Mayes.
Blei einige