GJER SOM TRYGVE: Stadig fleire elevar gjer som Trygve Tveiten (11) og vel friskule.
Alice Tegle
Friskule-boom i Noreg: Elevtala opp 50 prosent på ti år
Talet på friskule-elevar i grunnskulen har stige med over 50 prosent sidan 2014. Kommunale skular har hatt ei auke på 1,29 prosent.
– Eg valde Jærtun for å få eit betre skulemiljø, fortel Trygve Tveiten (11), som begynte på Jærtun i andre klasse.
Med seg i tarzanløypa på Jærtun lutherske friskule på Bryne har han Maria Fredly (11) og Maria Elise Berland (10,5).
Begge har gått her sidan første klasse.