AVGJERANDE: I haust starta 12 studentar på eit nytt studium på Fjellhaug, seier Fjellhaug-rektor Frank-Ole Thoresen.
Johanna Hundvin Almelid
– Frivillig arbeid opna døra til Kristen-Noreg
For Mei Lian Chou frå Taiwan var frivillig engasjement nøkkelen til å få seg jobb i Kristen-Noreg.
Organisasjonsutviklar Silje Wig Andersen tok i gårsdagens avis til orde for at minst 17 prosent av dei tilsette i kristne organisasjonar bør ha migrantbakgrunn. Viss ikkje, står Kristen-Noreg i fare for å gjere seg irrelevant, hevda ho.
Mei Lian Chou er ei av dei som er med på å gjere arbeidslivet i kristne organisasjonar meir fleirkulturelt. Ho kom til Noreg då ho var 28 år og starta etterkvart å gå i Kristiansand International Church, eit samarbeid mellom Misjonsselskapet (NMS), Den norske kyrkja og Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA).
Chou engasjerte seg som frivillig, og etter nokre år blei ho tilsett som regionleiar i KIA Kristiansand. Organisasjonen er den største landsdekkande organisasjonen i Noreg som jobbar på innvandrarfeltet.